Av Ludv. JerdalOg ho nemner døme på det. Dei dømi skal eg ikkje taka upp til ordskifte. Men avdi Gyri Skre skriv nynorsk vil eg gjeva att sume språkprøvor frå innlegget hennar:

«Så er det grensebeskrivelsane frå statsministeren sin tur til India», «kva partia vil vektlegge», «kulturberikar kvardagen vår og er med på å gjere livet verdt å leve», «det bør bevilgast eit konkret beløp til dette».

Min kommentar er at det vil vera «eit løft for kulturen» dersom Gyri Skre og andre som skriv eit nynorsk uppblanda med bokmålsord og vendingar vilde slutta med å øydeleggja det eine av våre offisielle skriftmål på denne måten.