OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noOdda

Både mor Grete Solheim og far Gudvin Guddal arbeider på Norzink like ved tunnelens Odda-opning. Alt neste månad flyttar dei saman med dei tre borna sine frå Odda og inn i hovudhuset på Gudvins heimegard i Guddal mellom Rosendal og Omvikdalen i Kvinnherad.

Dagpendling mellom Odda og Kvinnherad er uråd utan Folgefonntunnelen, som samferdsleminister Terje Moe Gustavsen opnar i dag, assistert av sin danske kollega Jacob Buksti og Hordalands vegsjef Ole Christian Torpp.

Tunnel avgjorde jobb — Folgefonntunnelen var avgjerande for at vi søkte jobb her, seier ekteparet Solheim/Guddal. Ho er tilsett som controller på Norzink, for tida med permisjon etter at barn nummer tre kom for ein månad sidan. Han er økonomidirektør i bedrifta. Dei kom frå Elkem i Bremanger i fjor sommar.

— Vi hadde uansett tenkt oss sørover. Men arbeidsmarknaden er heilt annleis med tunnelen på plass, og så dukka desse stillingane opp i fjor, fortel Gudvin Guddal.

40 minuttar køyretid reknar dei med ein veg frå bustaden i Guddal til Norzink i Odda. Med den smale vegen mellom Løfallstrand og Sunndal utbetra, kan arbeidsvegen ta berre halvtimen.

— Vi er opptekne av at det blir bra veg til tunnelen også på Kvinnherad-sida. Folgefonntunnelen er ikkje ferdig før den vegen er ferdig.

Ein ting er pendlinga, men å køyra dagleg på ein smal og trafikkert veg er ikkje haldbart, meiner Gudvin Guddal.

Ny naboskap Det eine året familien Solheim/Guddal har budd i Odda, har dei fått mange vener i Indre Hardanger og oppdaga natur- og friluftskvalitetane der. Tunnelen gjer det råd å halda banda til desse verdiane ved like sjølv om dei flyttar til Kvinnherad.

— Det er sjølvsagt vemodig å flytta. Men vi kan framleis ha kontakt med kjenningar i Odda, seier Grete Solheim.

— Eg trur Odda- og Kvinnherad-samfunna vil utfylla kvarandre godt. Odda med sine industrihistoriske røter, Rosendal med naturen sin, og Husnes med si nyare historie. Og tenk på den betra tilkomsten kvinnheringane no vil få til Hardangervidda, seier Gudvin Guddal.

— Det vi har sett av Odda har gitt meirsmak.

— Og tunnelen skapar ein dobbel så stor arbeidsmarknad i regionen. Med Rosendal i midten ligg no fire større industribedrifter - to i Odda, ei i Tyssedal og ei på Husnes - innanfor ein radius på 40 minuttars køyretid, seier Guddal.