Arbeidsløyse må hindrast. Budsjettpolitikk, pengepolitikk og inntektspolitikk må spele på lag slik at vi kan få ned renta og kronekursen.

For mellomoppgjeret 2003 har partane i arbeidslivet og regjeringa inngått eit samarbeid. Dette samarbeidet er breiare og annleis på viktige område enn det inntektspolitiske samarbeidet, slik det fungerte på 90-talet. Den snevre tolkinga og praktiseringa av frontfagsmodellen frå 90-talet er lagt død.

Ved hovudoppgjeret i 2002 var det tvingande nødvendig å rette opp noko av lønnstapet for tilsette i offentleg sektor. Det var dei fleste einige om. I ettertid har somme prøvd å hevde at dette er årsaka til svekka konkurranseevne. Dette er i beste fall bortforklaringar. Noreg har i mange år hatt høgre lønnsvekst enn dei fleste av konkurrentlanda våre. Hovudansvaret for dette må ligge hos industrien sjølv, som i alle år har lagt malen for lønnsoppgjera her til lands.

No stig arbeidsløysa i dei fleste sektorar, og like mykje for folk med høgre utdanning som dei utan. I industrien trugar permitteringar, oppseiingar og utflagging. Krisestemninga før 2003-oppgjeret må også i høgste grad knytast til den kraftige auken i kroneverdien, som verkeleg trugar dei konkurranseutsette næringane. Noregs Bank har tolka og praktisert mandatet sitt svært stramt. Resultatet har vore høg rente og sterk krone.

I 2003 vil partane i arbeidslivet arbeide for å få lønnsveksten meir på line med utviklinga hos handelspartnarane våre. Men same kor vi innrettar inntektspolitikken, er det utenkeleg med eit lønnsnivå på line med lågkostnadslanda. Våre konkurransefordelar må først og fremst vere kompetanse og kvalitet.

Årets inntektspolitiske samarbeid er breiare ved at alle hovudorganisasjonane har vore med i drøftingar med regjeringa. Samarbeidet har vidare tatt innover seg konklusjonar frå offentlege utgreiingar om at gamle ordningar for lønnsfastsetting har tapt legitimitet.

For 2003 skal den samla lønnsveksten i heile konkurranseutsett sektor, både det som blir avtalt sentralt og det som blir avtalt lokalt, vere normgjevande for rammene som blir forhandla i dei offentlege oppgjera. Det inneber at det må takast omsyn også til forventa lønnsvekst for funksjonærar i konkurranseutsette verksemder. I industrien utgjer denne gruppa om lag halvparten av lønnsmassen.

Sjølv om arbeidsplassar er truga i enkelte næringar, er det framleis mangel på kvalifisert arbeidskraft, særleg innan viktige velferdsyrke i offentleg sektor. Utdanning, kompetanse og ansvar blir framleis for dårleg verdsett i offentleg sektor. Dette rammar særleg kvinnedominerte yrkesgrupper, og hemmar rekruttering av kompetent arbeidskraft. Avstanden til utdanningsgrupper i privat sektor er for mange meir enn 100.000 kroner i årslønn. Det er difor nødvendig at det også i 2003 skal vere rom for at relative lønningar skal kunne endrast, slik at vi sikrar ein velfungerande arbeidsmarknad og ei rettferdig lønnsutvikling.

Av Anders Folkestad, leiar i Utdanningsgruppenes hovudorganisasjon(UHO)