Kobbeltveit framhevar kor mykje betre samarbeidet mellom skule og heim er på denne privat drivne skulen samanlikna med den offentlege, der hans eigen son går. Men på same tid tek han atterhald for at situasjonen kan vere betre på andre offentlege skular.

Det forundrar meg at ein klok mann som Olav Kobbeltveit lar seg «rive» med på denne trendy flørtinga med liberaliseringa av tenester, som landets foreinte høgrekrefter ukritisk framhevar som redninga for folk flest. Kobbeltveit veit heilt sikkert at det neppe er nokon andre lands skulesystem som har gjennomgått så mange reformer, omstrukturering og eksperimentering som den norske einskapsskulen har vore utsett for dei siste femten åra. All denne «forsøksverksemda» har etter mi meining vore med å bygge ned kvaliteten på den norske einskapsskulen og til dels øydelagt arbeidsmiljøet for både lærarar og elevar. Eg har sjølv fire born i alder ni til tjuefire i den norske skulen så eg har litt forutsetningar for å uttale meg.

Arbeiderpartiets Gudmund Hernes og Trond Giske gjekk så tidleg som i 1993 inn for å føre opp utdanning som eit av punkta på Norge si liste over liberaliserte tenester under GATS-forhandlingane som gjekk føre seg på den tida. Sidan den tida har det frå politisk hald vore jobba bevisst for å bygge ned tilliten til einskapsskulen. Det har høgresida i politikken lukkast med og no har liberalistane fått den lova som skal lage ein mykje betre skule i framtida, no er det fritt fram for privatskular.

Det er påfallande at personar som sjølv forventar meir igjen for skatten dei betalar, ikkje sjølv er villige til å yte meir, for mindre løn på sin eigen arbeidsplass. Kobbeltveit skjønar sikkert at skal han og likesinna få meir igjen for pengane så må lærarane ned i løn og gjerne få endra andre sosiale og faglege rettigheiter. Og det er jo nettopp det som skjer ved konkurranseutsetting og liberalisering. Kristin Clemet sa nyleg på Dagsrevyen at lønene til lærarane i den private skulen var lågare enn i den offentlege. Men høgt løna, og på alle måtar privilegerte menneske, som Kristin Clemet, kan sjå fram til at etter GATS-avtalen er ratifisert i 2005, så blir det muleg å kjøpe skuleplass for borna til denne høgt løna og privilegerte gruppa på private skular med store ressursar og godt betalte, dyktige lærarar.

Kobbeltveit samanliknar dei to tidlegare monopola: Einskapsskulen og NRK, og meiner at om den offentlege einskapsskulen hadde tatt lærdom av Einar Førdes strategi overfor konkurrenten TV 2 så har ikkje einskapsskulen noko å frykte i konkurransen med dei private skulane. Dette blir etter mi meining ei heller tøvete samanlikning, for det einaste grepet Einar Førde gjorde var å fortsette å produsere gode program som held fram med å appellere til eit oppegåande og reflektert publikum. Det TV 2 og andre konkurrentar har gjort er å feste grepet på dei som ikkje stiller større krav til fjernsynet enn at 70 prosent av sendeflata kan bestå av stupide såpeseriar, fotball og tabloide nyheiter.

Når det gjeld høgare utdanning så har Norge inngått eit samarbeid med andre europeiske land, den såkalla Bologna-prosessen, som gjennom politisk og institusjonelt samarbeid skal bygge ned grensene i internasjonal utdanning og skape eit felles europeisk rom for høgare utdanning innan 2010. Denne prosessen tek ikkje sikte på å gjere høgare utdanning til ei handelsvare der dei rikaste får råd til dei beste skulane, men med høgreliberale politikarar ved roret er spørsmålet om GATS-avtalen kjem til å respektere Bologna-prosessen og Lisbon-konvensjonen.

Kobbeltveit burde vere meir opptatt av å stille spørsmål ved skuleframtida til borna av den nye gruppa med framtidig arbeidslause og trygda, i staden for å rose eit alternativ for dei rike og vellukka!

Henning Rutledal Eivindvik