DEBATT

Av Jørgen Øydvin,

nestleiar i komiteen for kultur og helse i Hordaland

Fylket sine byråkratar og einskilde politikarar med ambisjonar i hovudet har sett seg føre at Vestlandet skal bli ein nyskapning i og for kulturen i desse fylka. Gjennom å bli stor skal den store stygge makta som har slått seg ned i Oslo, overvinnast slik at pengane skal strøyma attende til oljefylka. Med makt skal den sentraliserte staten overvinnast synest å vera tanken som ligg under. Byråkratiet i fylka byggjer opp under og veit at dersom politikarane vil laga seg eit nytt forvaltningsnivå så følgjer det feite kall med for andre òg.

Det store kulturhopehavet på Vestlandet tek sikte på å flytta styringsrett og tilrettelegging av kulturlivet her vest endå lenger bort frå folk flest enn det alt er. Og dette kan kome til å verta vedteke fordi nokon har ein draum om at større organisatorisk samrøre her vest skal skremme Storting og regjering til å gje frå seg ressursstyring og politisk makt! «Den einaste synda som i denne verda er viss på si straff, er den synda å vera liten,» skreiv Arne Garborg i si tid. Den gong som no stod kampen om å atterreisa eit demokratisk styrt Norge og ikkje lenger godta eit byråkratisk og embetsmannsstyrt, sentralisert maktvelde. I vår tid er det dei lokale og regionale politikarane, anten dei sit i fylkestinget eller er sende til Stortinget som representantar for folket her vest, som sjølve tek bort det ekte folkestyret. Og det skjer trass i alle lovnadene om å gje det lokale demokratiet større sjølvstyre.

Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti sine leiarar har bestemt seg for at det vil bli så mykje betre dersom eit lite utvalg av politikarar frå fylka her vest tek over styringa i staden for fylkestinga og fagkomiteane. I komiteen for kultur og helse har alle me andre vore imot å handsame saka om ein eventuell Kulturregion Vestlandet før me ser om dette kan ha verdiar i seg og om ei slik utvikling vil kunna få tilslutnad sentralt og i kulturlivet i vårt eige fylke. I det siste møtet i komiteen var fleirtalet snudd til eit mindretal på ei stemme. Det var nok gjort eit sterkt arbeid for å påverka resultatet før dette møtet i kulturkomiteen.

I fylkesutvalet snudde så både Venstre og SV attende til det dei har stått for tidlegare i denne saka. Med det er det skapt eit fleirtal i fylkestinget for at Hordaland ikkje skal gje frå seg fullmakter til eit nytt forvaltningsnivå for kulturpolitikken. Held dette fleirtalet fram til fylkestinget seg så er det endå ikkje for seint å tenkja seg om og å finna betre måtar for samarbeid her vest enn den sentraliseringa som er alternativet i denne saka. Og samarbeid på sak det har full oppslutnad her på Vestlandet. Me kunne ta til med å samarbeida om å få etablert ein Teaterhøgskule, bli samde om å utvikla vår eigen Vest-Norge Opera til den regionoperaen det bør bli, samarbeida om aktuell forsking og høgare utdanning på fleire område for å styrkja kultur— og næringslivet her vest o.l. Ikkje noko av dette krev at fylkestinga gjev frå seg fullmakter og lagar eit nytt forvaltningsnivå. Gjer me det så er det ikkje lenger samarbeid, men fjernstyring, som er noko heilt anna.

Og dette er i ferd med å verta vedteke utan at folket veit om det eller har fått meine noko om ei slik utvikling. Heller ikkje har kulturorganisasjonane eller dei tunge institusjonane her vest og ikkje minst i Hordaland, fått meine noko som helst før vedtaka skal gjerast i fylkestinget. Større avstand til demokratisk tenking og grunnlag kan verta vanskeleg å finna. Det seier seg sjølv at det også lyt utviklast sekretariat for dei utvalde slik at dei får papir å arbeida med. Og medan me lyt leggja ned skular, kutta ut bibliotektenester, forsømma vedlikehald av fylka sine eigedomar og skjera ned på tilskota til alle dei frivillige organisasjonane, som gjer ein uvurderleg viktig innsats for samfunnet, har me råd til å tenkja nytt og ta på oss nye kostnader ?

Det ser ut til å vera gløymt at kultur vert skapt der folket er og slik folket lagar seg samspel der dei er. Kultur kan aldri vedtakast som om det var ein vegstubb som skulle byggjast. Det er på tide at denne saka vert offentleggjort slik at alle dei som arbeider med kulturaktivitetar i kvardagen kan få eit ord med i saka. Men, det hastar for fylkestinget har møte om få dagar.