Her tek han mellom anna opp bruken av etnisk musikk, og reiser spørsmål om det er slik her i dette landet at etnisk musikk berre er bra når det kjem frå andre land, og ikkje frå Noreg?

Dersom ein skal døme etter festspelprogrammet er det visst slik. Men er det noko festspeldirektøren ikkje har fått med seg dei seinare åra? Norsk folkemusikk er i vinden som aldri før. Den er på veg opp og fram. Aldri har så mange, som ikkje er medlem i eit etablert folkemusikkmiljø, høyrd, kjøpt og likt norsk folkemusikk som no. Det finst mange døme på at norsk folkemusikk er populært, særleg blant studentar og unge; den oppveksande generasjonen, som kan hende kjøper, høyrer og brukar musikk mest.

Trønderbandet «Gåte» er eit godt døme på dette. Plata deira, «\Jygri» har utløyst reine yatzy-tendensar i norsk presse, 6-arar og 5-arar har hagla, plata selde til gull, og bandet vart kåra til årets nykommer i Spelmannsprisen 2002. Under konserten i Bergen i haust stod stemninga i taket, og publikum digga etnisk musikk frå Norge! Publikum ropte etter «Margit Hjukse» og «Bendik og Årolilja», som til informasjon for dei som ikkje heng med i tida, er norske balladar (folkeviser).

Etter konserten i Bergen i haust kunne me lese på heimesida deira at:

«... Eg vil til Bergen...igjen. For den opplevelsen det var å spille for eit dønn utsolgt Kvarteret med et så flott publ i kum, er det vanskeleg å beskive på noen annan/andre måte enn, vi kjem gjerne i gjen!»

Så kvifor ikkje festspeldirektøren tek utfordringa og inviterer dei til Bergen att, under Festspillene? — ikkje skjønar me det.

Kanskje festspeldirektøren er redd for mytar og fordommar knytte til norsk folkemusikk, om at det er sært og ikkje for folk flest? Om stoda er slik, vil vi berre oppmode festspeldirektøren til å løfte hovudet, opne augo og sjå seg rundt på kva som går føre seg i norsk musikkliv. Norsk folkemusikk er moderne, og burde absolutt hatt ein plass under Festspillene i Bergen 2003. Aldri har det vore så mange nyskapande grupper innan norsk folkemusikk. Mange av dei er i verdsklasse også.

Kanskje er det slik at graset alltid verkar grønare på andre sida? Den beste skildringa av folkemusikkgruppa «Utla» - ei gruppe som spelar moderne improvisasjonsmusikk bygd på hardingfeletradisjonen, finn ein i RootsWorld (USA), som skildrar gruppa og musikken slik:

Kanskje tykkjer festspeldirektøren at norsk folkemusikk er for rocka til å vere med på Festspillene? Kanskje ønskjer festspeldirektøren at Festspillene skal vere for eit mindretal? Men får folk flest bestemme, vert etnisk musikk frå Norge ein del av Festspillene i åra framover! For det er noko frykteleg gale, når norsk folkemusikk er så populært som no, men ikkje får vere ein del av Festspillene ...

GRO VETÅS OG KJERSTI FLATRÅKER, MEDLEMMER I BONDEUNGDOMSLAGET ERVINGEN