Regnet let Risvoldfossen på Risvoldtunet i Saudasjøen briska seg i går. Minikraftverket på garden fekk god turbinfart.

Ei passande ramme rundt ein pressekonferanse i regi av Norges Vassdrags— og energidirektorat (NVE).

Lagnaden til ei av landets største kraftutbyggingar skulle langt på veg avgjerast. Det står respekt av NVE. Men likevel ikkje så stor som før. Kampen om nedbøren i Saudafjella vil vara lenge enno.

Slo an tonen

Ved innkøyringa til Saudasjøen slo Svandalsfossen an tonen. Drevet over riksveg 520 var kraftig og plaska mot frontruta.

Blant torvtak og tømmervegger på Risvoldtunet var det samla eit femtitals personar. Så godt som alle var menn.

Kraftlagsfolk, industrileiarar, pressefolk, ordførarar, og utbyggingsmotstandarar. Ein del smilte, dei fleste var alvorlege, nokre skulte skeptisk mot NVE-delegasjonen frå Oslo.

Det er lenge sidan klestil og hårpryd avslørte kven som stod på kva side i utbyggingsstriden.

Folk forsynte seg av kaffi i pappkrus og rundstykke med skinke og kvitost. Dei venta på at NVE skulle letta på sløret. Men ryktet svirra alt om kva innstilling direktoratet la seg på.

Ikkje slik han tenkte

Ein time før hadde ordførarane i Etne, Odda, Sauda og Suldal fått visst resultatet. Dei kom til pressekonferansen. Andletsuttrykket til Etne-ordførar Amund Enge var ikkje til å ta feil av. Dette gjekk ikkje slik han hadde tenkt seg.

Så tok vassdrags- og energidirektør Agnar Aas ordet på sitt klåre sognamål. Med støtte i power point-sider frå pc-en gjekk han gjennom utbygginga og konklusjonane. Men det er enno langt fram før ei utbygging, presiserte han. Stortinget tek endeleg avgjerd etter nye høyringsrundar.

Ei stor og komplisert sak, sa Aas. NVE har hatt eit nært samarbeid med kommunar og interesseorganisasjonar, sa han. Av miljøomsyn er Langfossen og Vaulovassdraget i Etne utelatne. Vi har lagt vekt på turistinteressene, sa Agnar Aas og konkluderte med at det summa summarum handla om ei utbygging med låg kostnad, lite miljøkonflikt og med store positive regionale verknader.

Lovar hard motstand

Etter spørsmålsrunden var det tid for fotografering, radio- og tv-opptak ute på tunet. Så varsla vernegruppene at dei skulle ha ein ny pressekonferanse i samme lokalet om ti minuttar. Der kom det litt færre folk, men framleis mangla det stolar til alle. Om det ikkje blir Alta-tilstandar, så lova vernerepresentantane hard motstand mot utbygginga fram til avgjerda i Stortinget.

Ein gufs frå fortida, sa Øystein Dahle, den gamle Esso Norge-sjefen som er blitt styreleiar i Den Norske Turistforening og World Watch. NVE har ikkje teke signal frå regjering og storting til følgje, meinte han. Landet må satsa på alternative energiformer, sa Dahle. Varmepumper, for eksempel. Alternativet ligg snublande nær, men elkrafta er for billeg i Noreg, meinte han. Derfor har svenskane installert 300.000 varmepumper, nordmenn berre 19.000.

LANGFOSS BERGA: Turistattraksjonen Langfoss i Etne er berga, men Etne kommune føler seg snytt for store pengesummar som følgje av at NVE held dette vassdraget utanom den store kraftutbygginga i Saudafjella. ARKIVFOTO: LARS MÆLAND
FOTO: LARS MÆLAND