Dei som skal vidareutvikle norsk landbruk må sleppe fri frå nostalgien og tradisjonstvangstrøya. Dei treng marknadsføring utan ull. Eg kritiserer dei som la rammene for arrangementet, ikkje bøndene som deltok på matfestivalen!

Fylkeskommunen er heller ikkje blid. Det er nemleg ikkje fylkeskommunen som arrangerer «Bønder i bydn», slik eg insinuerer. Det er Fylkesmannen som står bak matfestivalen. Berre så det er sagt. Sjølv vert eg kalla Sure Sundland. Landbrukssjef Bakkebø tar meg for å vere knallhard urbanist og ber meg få nasen opp frå caffe-latten. For ei bondejente frå Arna er det ei fjør i hatten! Og kanskje eit teikn på at min kritikk av stereotype tankar om bonden (og byen) ikkje var heilt på viddene, likevel.

SIREN SUNDLAND,

SPALTIST OG BONDEVENN