EINAR FØRDE

I ein antologi over store fiaskoar gjennom tidene står ei historie om eit butikkran i Southampton. Ein kar kom inn i ein supermarknad, raska med seg nokre småvarer og leverte ein tipundseddel i kassa. Etter at kassa vart opna, drog han fram ein revolvar og ba om heile innhaldet. Mannen hadde gløymt at det var tidleg på dagen, han fekk med seg 3 pund og førti. Dessutan gløymde han i farten tipundseddelen. Ranet gjekk altså med underskott, 6 pund og seksti.

Det næraste vi her heime kjem noko liknande, er TV 2s kjøp av aksjar i Sportsklubben Brann. Her er det ikkje mykje avkastning på kapitalen enn seie sportslege resultat å skryte av. Men dette var ei såkalla strategisk investering gjort av han bergensaren som ikkje likte seg noko særleg i Bergen. På mange måtar var det rett tenkt. TV 2 har behov for å styrke sine band til Bergen. I ettertid ser vi alle at det kanskje hadde vore rett å satse på ein annan klubb for å kunne vise til framgang og ære. Kva med Viggo? Der kunne ein truleg med små midlar ha sett i gang ein framgangsrik prosess med sikte på målmedvite opprykk til 5. divisjon.

Det har vore ei gåte for meg i alle desse ti åra, kor lite TV 2 har gjort for å utnytte alle dei føremonene dei kunne hatt med å bli tvangsplassert i Bergen. Bergensk entusiasme og vestlandsk mangfald er ikkje godt nok utnytta som medvindsfaktor. Eg skriv i Bergens Tidende fordi eg får litt meir kunnskapsrike og intelligente lesarar her og då tenkjer eg ikkje først og fremst på bergensarane. Det er sjølvsagt TV 2 som burde ha produsert Kvinner på randen og Rune Larsen. Men vi får vere takksame for at jubilanten opp gjennom åra har sett fart på folka på Minde. TV 2 produserer det meste når dei av og til produserer sjølv, i hovudstaden. I Bergen har dei tilført mykje til miljøet på Wesselstuen. Dei er også såpass mange at det er blitt årlege TV-dagar i juni av det.

Det har vore nyttig ettersom det meste av NRK er på gauketur til Bergen dei dagane, så det var mogleg for meg å få slått av ein prat med dei tilsette. Elles har Bergen stelt bra med TV 2. Det mest synlege uttrykket for det er når dei får urimeleg velvillig omtale i programkritikkane i BT. Her anar vi trass alt ein liten manifestasjon av velvilje og patriotisme for kanalen.

Jubileumsomtalane handlar alle om «TV-krigen». Ai, ai for ein artig krig. NRK er framleis størst og like arrogant særleg ettersom den einaste ikkje-arrogante der slutta i fjor sommar. TV 2 har tent alle dei pengane det er anstendig å tene og vel så det. Saman har dei ein så stor del av fjernsynsmarknaden at det er ei skam. Aldri har krigførande partar hatt større interesse av å halde krigen gåande. Problemet er at verre krigar truar i horisonten. Då er det nødvendig og viktig at dei to lagar alliansar. Ein stad står det at «Siri Kalvig revolusjonerte værmeldingane».

Merkeleg nok har eg aldri blitt opphissa av denne revolusjonen. Høg alder gjer at dei mest interessante syndene går forbi meg. Men eg driv og putlar og lyg litt framleis. Den viktigaste nyskapninga er nok ikkje værdamene. Men TV 2 vart ein perfekt arena for språkbruk som nyttar omgrep som «krig» og «revolusjon» på denne måten. Tabloid heiter det visst. Nå har det slege gjennom overalt. Språket vårt blir forflata og devaluert.

Kanalen har også vore banebrytande når det gjeld å hjelpe fram folk som strevar med å kome i rampelyset og oppnå det amerikanarane kallar «fame». På norsk heiter det å bli namngjeten. Det er eit påfallande drag i tida at nokon gjer kva som helst for å bli namngjeten gjennom fjernsynet. Handlingar som ville fått foreldra deira til å bukke under av skam og vanære, er i våre dagar blitt kurant og mest rosverdig framferd. Til all lykke har dette synt seg å vere kortvarig glede for dei som på denne måten sikrar seg nokre dagar med merksemd og blest. Det er når ein ser nærare på denne typen moderne heltar, ein forstår Benjamin Disraelis karakteristikk av John Russel: Når ein slik mann kan bli leiar i Underhuset, byrjar ein å forstå kvifor dei gamle egyptarane tilba eit insekt.

I mange år har eg heime og ute blitt spurt korleis det kan ha seg at situasjonen i fjernsynskonkurransen i Norge er så ulik landa rundt oss i Europa. Eg har levert djupsindige utgreiingar om NRKs konkurransekraft, tradisjonar og unike kreativitet. Nå er tida for å vere ærleg. På denne jubileumsdagen avslører eg sanninga: Den viktigaste årsaka er at konkurransen ikkje har vore all verda. På ti år har det vore for få program i TV 2 som verkeleg har ført til misunning og utsegner som: det skulle vi hatt. Her har vore Gutta på tur, det beste frå Gerhard Helskog og hans folk og nokre gode innkjøp frå Amerika. Men TV 2 har vore best på programsetting, skjermdesign og innpakking. Det er kunstar som NRK måtte lære av nykommaren.

Men verkeleg farleg for NRK blir TV 2 berre når dei tilstrebar ein kvalitativt betre programproduksjon over eit breiare register og når dei tek litt større sjansar på å la folk prøve og feile. Den største prestasjonen så langt heiter Hotel Cæsar. Eg blir aldri trufast sjåar der, men det er uråd å overvurdere kva den produksjonen har medført av arbeidsoppgåver og utfordringar for skrivande folk, skodespelarar, regissørarar og tallause andre oppgåver for kulturarbeidarar. Frå dette hotellet vil det etter kvart kome nokre løver som er klar for mykje større utfordringar.

Eigentleg slit eg med å finne på noko ufordelaktig å seie om TV 2. Eg har fått ufortent mykje ære for at dei utløyste så mykje konkurransekraft og kreativitet i NRK. For meg har dei vore gode konkurrentar og bra kollegaer.

Eg har fått mange vener både på Nøstet og i Karl Johans gate. Viktigast er det at eg gjennom åra etter kvart fekk vere med på å legge grunnlaget for eit visst samarbeid mellom TV 2 og NRK. Det er vårt lands viktigaste kulturelle forsvarsallianse. Mitt jubileumsønske er at stadig fleire båe stader skjønar det. TV 2-folket kan feste med godt samvit. Eg er som vanleg ikkje invitert. Eg minner om at rimeleg karantenetid snart er over, og at eg sit på uvanleg verdfulle idear om korleis dei dei neste ti åra skal utkonkurrere NRK. Men det kjem ikkje til å bli billeg.

TEGNING MARVIN HALLERAKER