OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

Statens forurensningstilsyn (SFT) tildelte fredag kveld oppdraget til Kvinnherad-selskapet for ein bruttosum på 55,3 millionar kroner.

Jobbar i helga Administrerande direktør Georg Eide seier til Bergens Tidende at han og staben alt i helga gjer førebuingar til rigging av løfteutstyr på havaristen. Dei første lekterane kjem truleg på plass i Bleivik nord for Haugesund i komande veke.

Eide reknar med at «Green Ålesund»s brotne skrog skal vera heva innan slutten av mars. Den rotnaste delen av fiskelasta skal fjernast på havaristaden, medan resten skal takast ut medan havaristen ligg på ein lekter som skal slepast til Skånevikfjorden.

Eide Marine Services samarbeider med Riise Underwater Engineering om oppdraget, som er vunne i tevling med to andre selskap. Kranskipet Eide Lift II og ein kjempekran på lekteren Eide Barge V skal løfta havaristen frå botnen.

Overtek vraket «Green Ålesund» er 6182 bruttotonn, bygt i 1983, og var lasta med rundt 3500 tonn fisk då fartøyet fekk motorvanskar, grunnstøytte og gjekk ned ved Sletta 15.desember.

Eide Marine Services skal overta vraket, som ifølgje Georg Eide kan bli reparert og gjort seglbar att.

Fjerninga av fiskelasta i Skånevikfjorden skal skje ved hjelp av eit lukka prosessanlegg plassert på ein eigen lekter. Fiskelasta skal dels gravast, dels sugast ut og gjort til fiskemasse. Anna vrakgods skal kjeldesorterast.

SFT omtalar fjerninga av fiskelasta som ein risikofylt og krevjande jobb.