• Det er ei tragedie når born og unge blir kasteballar, fordi folk skal tene pengar, seier bydelsdirektør i Årstad, Ågot Himle.

Ho er svært opprørt etter å ha lese BT-artiklane om Kuba A/S.

– At "glupe" barnevernpedagogar tener pengar på andres elendigheit, er heilt forkasteleg. Når pengar er viktigare enn omsorg for born og unge, har vi spelt fallitt, meiner Himle, som sjølv er utdanna barnevernpedagog.

Sidan 1984 har fylkeskommunen hatt ansvar for å skaffa omsorgsplassar i barnevernet, medan kommunane har hatt omsorgsansvaret.

— Fylkeskommunen har ikkje klart å skaffe nok omsorgsplassar, og har heller ikkje bygd ein einaste ny plass på ti år. Då blir dei "pressa" til å kjøpe plassar i tvilsame, private føretak, som ikkje held den kvaliteten born og unge har krav på. Men det private skal ikkje overta omsorg for ungar, som det offentlege har ansvar for. No meiner Himle at Bergen kommune må overta ansvaret for heile barnevernet.

— Då kan vi sjå totaliteten, heile barnevernet under eitt. I dag fell desse borna ofte mellom to forvaltingsstolar. No må barnevernet på dagsorden både hos politikarar og fagfolk. Eg etterlyser ein debatt om kva slags barnevern vi eigentleg ønskjer.