Av Liv Sundheim,plan— og friluftslivskonsulent, Hordaland fylkeskommune

Dette er ikkje nye tankar, og ein kan undra seg over at BT hoppar bukk over det som faktisk vert gjort her i fylket for å møte dei problema som er knytta til dagens strandsoneforvaltning.

Strandplanlova har sidan 1985 vore innarbeidd i plan- og bygningslova (pbl) sin § 17-2 om forbod mot bygging i 100 m-beltet. Lova må ikkje forvekslast med friluftslova av 1957, som lovfestar allemannsretten. Mens allemannsretten handlar om retten til ferdsle på annan manns eigedom, skal byggeforbodet i pbl ta vare på ålmenta sine interesser i plan- og byggesaker.

Alle landets kommunar er varsla om skjerping av plan- og dispensasjonspraksisen. Riset bak spegelen - å ta frå kommunane dispensasjonsmyndet og/eller å innføra rikspolitiske retningsliner for større delar av kysten - er dei godt kjende med. Mange kommunar spelar eit høgt spel og risikerer å skusla bort både handlefridom og ressursar. I tidlegare BT-innlegg er reist spørsmål om ikkje staten bør overta ansvar for arealutnytting i dei mest pressa og verdfulle områda. Det er også etterlyst eit betre lovverk med rom for differensiering og ein betre strategi for sikring av friluftsareal.

Alle som kjenner Hordaland veit at 100 m-beltet ofte står på høgkant, med naturhamner og strandflate med busetnad og næringsverksemd innimellom. Det er forståeleg at kommunepolitikarane ikkje ser det generelle byggeforbodet som eigna verktøy. Dei bør påleggjast å gå nøye gjennom strandsona i sine kommunar og etter nærare kriterier avgjera kva som bør sikrast og kvar der kan byggjast, føreslår BT. Men kva kan gjerast innanfor dagens lovrammer og plansystem, og korleis kan ei differensiert forvalting iverksetjast?

Den regionale politikken når det gjeld strandsoneforvalting finn vi i Fylkesde l plan for kystsona i Hordaland 2001-2004. Her er eit sentralt mål å utforme ei differensiert forvalting ved å utnytte plan- og bygningslova. Det er ikkje regional politikk å «verne alt». Men privatisering av 100 m-beltet skal reduserast, og utvikling av allment friluftsliv prioriterast føre utvikling av private fritidseigedomar. Planen nyttar omgrepet «funksjonell strandsone», definert som den sona som står i innbyrdes direkte samspel med sjøen økologisk, topografisk og/eller bruksmessig, og som kan vere både breiare og smalare enn 100 m-beltet.

Byggeforbodet i 100-m beltet gjeld ikkje i område som er omfatta av reguleringsplan eller avsett til byggeområde i kommuneplan. Fylkesdelplanen understrekar at bygging i strandsona i hovudsak skal skje i byggeområde. Utfordringa blir å lage gode og eintydige planar som synleggjer den funksjonelle strandsona og tek vare på område for friluftsliv, naturelement, samanhengande grøntstrukturar, korridorar til sjø og ferdsle langs sjø.

Regionalt vert det altså utvikla planverktøy for at kommunane skal kunne praktisera ei lokalt tilpassa strandsoneforvaltning. Nokre kommunar er alt i gang med kartlegging av si funksjonelle strandsone. Fylkeskommunen har også tatt initiativ til eit strandsonenettverk og prosjektet ýKystrådý for å auke kompetansen om havbruk og kystsoneplanlegging.

Det ligg store utfordringar i å forma ei lokal arealforvalting i tråd med nasjonal og regional politikk. Det er avgjerande at kommunane vert kompetente og ansvarlege og ser ut over eigne grenser. Miljøverndepartementet framhevar fylkesdelplanen som verkemiddel til å auke kompetansen om kystsoneplanlegging. Fylkeskommunen er eit naturleg forvaltingsnivå for regionale interesser, ikkje minst pga. rolla som rådgjevar og koordinator for kommunane i spørsmål som gjeld arealplanlegging.

Det er klaga over at statens engasjement for sikring ved kjøp sokk i takt med innskjerping av byggeforbodet, slik at ansvaret vart velta over på kommunane. Vi veit staten har vore gniten siste tiåret. Vi veit òg at det meste av sikringsmidlane gjekk til skjergardsparkar på Aust- og Sørlandet (noko vi på Vestlandet kan murra over). Prinsippet om staten sitt økonomiske ansvar er viktig. Men kven er det kommunen sikrar friluftsområde for? For staten eller for innbyggjarane? Det er heller ikkje vanleg at ein kommune åleine står for innløysing av regionalt viktige friluftsområde.

I samband med det statsfinansierte Sikringsprosjektet har dei regionale friluftslivsorgana gått inn for å endra tildelingsmodellen for statlege sikringsmidlar, med fast fordelingsnøkkel mellom regionane og regionalt tilpassa kriterier.

I BT sine spalter er det òg klaga over at staten har sløst bort pengar til ein tiltakspakke for strandsona som bl.a. omfattar juridisk rettleiing for kommunane. Pengane burde gå til kjøp av areal, vert det hevda. Men tru om ikkje hjelp til sjølvhjelp, her som ofte elles, er ein like fornuftig og framtidsretta strategi?