Av Edvin Helgheim,

Florø

Dette er ein skule som samlar ungdom frå heile verda og gjev elevar ei god utdanning og ein internasjonal eksamen på vidaregåande-nivå. Mange elevar ville elles aldri hatt sjansen til å få ein slik eksamen, men får gå på UWC med stipend. Ei utdanning som dei kan ta med heim og byggje vidare på til vekst for sitt eige land. Dette er ein skule som samlar folk frå krigsherja land til ei fredeleg øy og til fredeleg sameksistens. Dette er ein skule der palestinarar og israelarar kan gå saman og vere vener.

Denne skulen vil regjeringa leggje ned. Det er ei skam. Denne regjeringa ser ikkje ut til å mangle pengar til privatskular av alle slag, men manglar ni millionar til at UWC kan halde fram. UWC er ein del av eit internasjonalt nettverk, og den nordiske skulen vart lagt til Noreg og Flekke etter stor innsats på mange plan. Det finst nokre få slike skular rundt om i verda, og mange av dei ligg i fattigare land enn Noreg. Eg trur ikkje tanken har vore tenkt i nokon av desse landa at dei ikkje har råd til å støtte sin UWC-skule.

Ei nedlegging i Noreg vil bli lagt merke til ute i verda, og vil tene landet vårt til lita ære. Det må vere nærsynte nyheitsredaksjonar i NRK og TV 2 som gjorde at ikkje dette vart ei toppsak i budsjettdekninga, framfor avgift på rusbrus og bensinavgiftsauke på sju øre!

Det må då vere folk i regjeringa og regjeringspartia som synest dette er flaut. Kva seier til dømes Hilde Frafjord Johnson (KrF) og Odd Einar Dørum (V)?