Ein penborgarleg black metal-kaffi. For no vil omtrent alt som kan krype og gå av bergensarar ha metallkaffibaron Herman Friele som borgarmeister.

Det er duka for kaffihank von helvete i rådhuset.

NORMALT UPÅLITELEGE reklamefolk meiner Herman Frieles framferd i NRK-debatten nyleg var verd fleire titals millionar kroner i reklameeffekt for det 200 år gamle kaffihuset. Politisk tv-reklame er som kjent ulovleg i Norge, inntil vidare.

Men Friele har jo lenge opptredd i rolla som gentleman og kaffioppkjøpar på tv. I brunstenkte, påkosta filmsnuttar frå eksotiske kaffimiljø i fjerne land. Ein generøs, distingvert kvit mann som kjem inn med småfly, ruslar rundt blant dei innfødde. Som smattar på svart væske, snusar på bønnene.

Som handlar med sine likemenn, dei som dyrkar sjølve grunnlaget for den fine eimen av Frieles kaffi.

KAFFI-IMPORTØR FRIELE kan håve inn sine årlege millionoverskot. Ordførarkandidaten ristar på hovudet når det blir snakk om at han kanskje sausar saman politikk og kaffi.

Friele-effekten er rein politikk, ikkje bisniss. Det er black metal han har i koppen, ikkje Friele-kaffi.

Påstå at kaffi og god gammal Høgre-politikk skulle kunne vere uløyseleg knytt til kvarandre, i Vietnam, Afrika, Latin-Amerika og sågar i vesle Bergen?

Den er god.

EIN AV FRIELES REKLAMEFILMAR er frå Kenya, der Friele kjøper ein stor del av råvarene sine. I ettertid har Kirkens Nødhjelp avslørt reklamefilmens imperiale idyll som heilfalsk. At Frieles kenyanske motspelarar i tv-reklamen knapt får betalt for arbeidet sitt, og at dei pent måtte levere dei nye bomullstrøyene tilbake etter filmopptaket. Og ta på seg fillene igjen.

Slik er internasjonal kaffihandel blitt, særleg etter at Verdsbanken saman med dei store aktørane har sørga for at marknaden er drukna i billig kaffi.

For kaffibøndene er det sveltihel, du og eg får billig kaffi og profitten renn i strie milliardstraumar inn til kaffigigantane.

MEN ALTFOR MYKJE er berre ikkje nok for gutta boys. Nestlè er verdas største kaffikjøpar. I vinter gjorde ekstremt låge kaffiprisar at sveltedøden truga det etiopiske folket. Da fann Nestlè det for godt å prøve å saksøke 43 millionar kroner ut av den lutfattige etiopiske staten.

Her i Norge er Friele den største kaffiprodusenten, og hentar titall millionar i overskot kvart år.

Det kan godt hende at kaffihuset Friele ikkje er blant dei verste råtassane i denne bisnissen. Friele har Max Havelaar-merka kaffi, og har også slutta seg til initiativ for etisk handel i Brasil. Men Max Havelaar, der bøndene er sikra nokolunde anstendig betaling, utgjer berre ein fattig prosent av Friele-kafffien.

Samfunnsansvar er eit forslitt moteord i forretningsverda.

I internasjonal kaffi er det framleis god, gammaldags utbyting som gjeld. Her er det rått parti mot dei fattigaste.

MEN DETTE BILDET har Friele valt å sjå heilt bort frå når han presenterer seg og kaffien sin. I staden blir råskapen framstillt som den reinaste idyll, i tv-reklamar som mest av alt minner om reportasjeinnslag.

Hausten 2000 heldt Herman Friele ei førelesing på Universitetet i Bergen under tittelen «Når reklamefilmen lukter nybrent kaffi — idé og marknadsføring i Friele-kulturen» .

Kanskje er det ikkje kaffien Herman Friele har tatt med seg inn i politikken. Kanskje er det heller snakk om Friele-kulturen .

Ein kultur med vakker fasade og 20 i stil, på full fart inn i lokalpolitikken i Bergen.

Denne mannen kan kommunisere.

Bodskapen er opp til kvar enkelt av oss å tolke.