Politikarane kappast om å kasta pengar etter oss, så me kan eta oss endå feitare, byggja endå større hus og fara endå fleire gonger til Mallorca.

Kor er dei politikarane som vågar lyfta blikket frå eige matfat og pengepung? Noreg er det rikaste landet i verda, bortimot. Det har knapt nokon gong vore noko land med betre vilkår for å verta eit føregangsland innan miljøvern og internasjonal solidaritet og til å dyrka fram kunnskap, vitskap og kultur på eit høgt nivå. Me har alle føresetnader for å kunna skapa eit godt helsestell, ta vare på norsk språk og kultur og byggja ein skule som får fram gagns menneske, ikkje berre effektive funksjonærar.

Me har mykje kapital sylta ned på børsar rundt om i verda, men denne kan me visst ikkje røra utan at det går gale. Men det finst andre sortar kapital også – eit opplyst, kunnskapsrikt og solidarisk folk er ein kapital som også kan overleva eit børskrakk eller to. Er det for mykje å vona på at politikarane lyfter blikket litt no i innspurten før valet?

ØYSTEIN SKJÆVELAND, ROSENDAL