Av Kåre Strøm

Det er så godt å vita at vi skal sleppa å tenkja på krig i Midtausten — midt i julefryd og nyttårsfeiring. Sjølv om det er langt borte, gjev sånt krigsbråk litt ekkel bismak på feiringa. For det ville sikkert koma med både i Dagsrevyen og i avisene. Og då kan ein jo ikkje heilt la vera å tenkja på det heller.

Nei, presidenten er ein god mann! Når han altså har teke omsyn til julefreden for oss i sivilisasjonen. Endå han kan risikera at fleire amerikanske liv går tapt ved denne utsetjinga. Det blir vanskelegare å føra krig i Irak når sandstormane kjem til våren, for ikkje å snakka om når sommarvarmen slår til. Men sjølvsagt, presidenten reknar jo med å ha krigen unnagjort til dess.

Godt at nokon tek ondskapen i verda og alle masseøydeleggingsvåpna på alvor. Sjølv om det iblant er litt vanskeleg å skjøna skilnaden på masseøydeleggingsvåpen og masseøydeleggingsvåpen. Men det siste har dei altså i land som Irak og kanskje Nord-Korea. Og dei hadde ein masse i Afghanistan før - i alle fall av masseøydeleggjarar. Dei første masseøydeleggingsvåpna hadde dei berre i fredelege land som til dømes USA, Israel, Tyskland, Frankrike og India. Land som aldri ville tenkja på å bruka dei. Nett slike land som endåtil Irak var på 1980-talet. Då var det eit fredeleg land på line med USA, og det fekk både våpenhjelp og diplomatisk godkjenning av til dømes land i NATO. Men då hadde dei berre masseøydeleggingsvåpen som dei brukte litt mot kranglevorne kurdarar i nord og mot det onde Iran i aust. Og det er jo noko heilt anna.

Så takk til presidenten! Så får vi vona at han får noko att for alt dette strevet. Litt meir kontroll på oljeleveransane frå Midtausten er det minste. Våpenindustrien får sikkert også testa ut nokre nye våpen i krigen. Alle monnar dreg når økonomien i USA skal på fote igjen. Og når alt kjem til alt er vi i same båt, eg, presidenten og Uncle Sam.

Ikkje sant?