Dette er eit unødvendig byråkratisk og lite gjennomtenkt framlegg, som tek meir omsyn til kommunane enn til den einskilde student.

I Bergen er det fleire tusen studentar som kjem frå andre delar av landet, kor mange kunne tenkt seg å melde flytting, men til no har ein vore hindra av eit regelverk som krev at ein til dømes skal vere i fast arbeid eller vere gift. Eg vil vere med å bestemme over mitt eige nærområde og samstundes vite at de midlane eg gir til ei felles kommunekasse, også kjem meg til gode. Det vil det ikkje kunne gjere om eg berre skal kunne stemme i studiebyen min, utan samstundes å ha krav på dei velferdstilbod denne kommunen måtte tilby. Det eine må følgje det andre.

Anten så bor eg i studiebyen min, med alle rettar og plikter, eller så gjer eg det ikkje! Vi studentar er da slettes ikkje interesserte i å verte ein slags «halv»-borgar av to kommunar. Nei, i demokratiet og enkeltheita sitt namn vil eg seie: La oss studentar som ønskjer det, få melde flytting til den kommunen vi studerer i, og ferdig med den!

ALF HELGE ARIEL GREAKER,UNGE VENSTRE SITT UTDANNINGSUTVAL