Av Leif Johnsen,

leiar Meland Venstre,

(svimmel, valgalen og lei heile greia ...)

Kvikke patentløysingar på vanskelege samfunnsproblem poppa opp som padder på regnvåte vegar, og lir etterkvart stort sett same lagnad.

«Tv driver sakene (i valkampen) ut i parodien» Trygve Hegnar i Aftenposten. «Den politiske samtale og fornuft er i ferd med å drukne i mediestøyen,» Per Jon Odéen i BT 7.9.

Kjappkjeftane vinn, forståing og innsikt forsvinn. Tv og avisene tener pengar, Frp vinn stemmer og politikken taper respekt. Lokaldemokratiet forvitrar, seier maktforskarane. Valkampen er god for media, dårleg for demokratiet.

Men det skjerpar også, å bli litt arg — på vegner av lokaldemokratiet. Valkampen får deg som lokalpolitikar til å tenkje gjennom: «Kva står me for? Kvifor er mitt parti viktig? Kva skil oss frå dei andre? Og når du får direkte spørsmål, i avisa (t.d. om Gamlevegen på Fløksand) eller på stand, så må du ha eit skikkeleg svar. Og når Siv Jensen treff medieblink med: «Ingen vil ha Venstre, men dere har to på Stortinget og tre i regjering. Hva slags demokrati er det?» - då krevst det skjerping!

Ingen vil ha Venstre? Utan Venstre, ingen Bondevik II. Ei regjering måtte landet ha, anten samarbeidspartia vann eller tapte på det. Venstre har ikkje vunne på det. For Noreg hadde det kanskje vore verre utan Venstre i regjering.

Ingen vil ha Venstre? Meland Venstre har fått over 10 prosent nye medlemmer siste året! Unge medlemmer, også ein som er villig til å arbeide for å etablere eit Unge Venstre i Nordhordland!

Men kor demokratisk det er at Venstre har tre i regjering, det kan diskuterast. Det viser i alle fall at det er heilt feil at ingen vil ha Venstre ...

Nokre valvett-reglar til slutt:

  • Bruk kart, dvs. sjekk valprogramma frå sist kommuneval. Kva er gjort, kva er ikkje gjort?
  • Kontakt kjentfolk og kryssjekk, dvs. få skrytelistene frå eit parti sjekka hos dei andre.
  • Ikkje la deg lure ut på feil tur av flotte bilete, fargeglade og glansa turprogram, dvs. ver mest kritisk og skeptisk til dei valprogramma som liknar mest på reklame.
  • Ikkje stol blindt på elektronisk hjelpeutstyr som tv og internett, sjekk med kartet og konkrete spor - eller mangel på spor - i terrenget; kva er gjort og ikkje gjort.
  • Grav deg ned (i sofaen) i tide, men meld frå kor, og - hugs å førehandsstem først.
  • Meld deg inn i eit turlag, anten det går til venstre, i sentrum eller til høgre, introduser nye kompass og gå opp nye stiar.
  • Det er inga skam å gå på, dvs. stem - same søren!

Takk for seg, godt val!