Men eg har teke til å undrast på noko. I min bibel står det soleis: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jordi og hugnad med menneske. I to gamle biblar, ein får 1862 og ein får 1891 – står det soleis: «Ære være Gud i det høieste og Fred paa Jorden og i Menneskene en Velbehagelighed.» Men i dei nyare omsetjingane heiter det: Ære vere Gud i det høgste og fred på jordi blant menneske som Gud har hugnad i.

Eg undrast. Har Gud teke til å gjera skilnad på folk? – Kven er det so han har serskild hugnad i? Har han so mykje hugnad i meg at eg kan få tru meg til å få del i den glade bodskapen?

Når folk innanfor kyrkja eller kristne samfunn elles ikkje er samde, får ein høyra: Guds klåre ord seier det eller det etter som det høver. Då vert spørsmålet frå meg: Kva er Guds klåre ord? Er det den eller den bibelomsetjing frå det eller det året? Før heitte det: Du skal ikkje gjera hor. No heiter det: Du skal ikkje bryta ekteskapet. Dette har stor skilnad i si meining. Og no dette med juleevangeliet og mykje, mykje meir.

Er det fritt fram for bibelomsetjarane å skalta og valta med ord og vendingar? Har grunnspråket endra seg? Kva vert so Guds ord? No er det so at når Paulus tek i veg med si diskriminering av kvinna (si eiga mor medrekna), lyt me sjå det ut frå det mannssamfunnet han levde i, og mykje meir som skrive står, og som eg ikkje kan koma inn på no. For det som er aktuelt er spørsmålet: Kva vert Guds ord, og kven er det Skaparen har hugnad i?

Det er noko anna òg. No kan me ikkje få roa oss eit grand i Betlehem med juleevangeliet, me må over til påske med kross og liding med ein gong. For no skal det vera nattverd ved høgmessa juledag. Ein prest sa det so: Det er fest i kyrkja juledag, og det er eit festmåltid. Eg kjem aldri til å kopla nattverden til eit festmåltid. Det er eit minnemåltid, etter det som står i min bibel. Men kven veit kva det neste vert.

HJØRDIS HEGGLAND, TYSNES