Faget arbeider med Latin-Amerika, og eg er professor i latinamerikansk litteratur. Ungdom i Norge søker til dette faget, som held på å bli det største språkfaget ved Universitetet i Bergen, foreldre og besteforeldre betalar skatten sin og lit på systemet, og dei tilsette ved faget gjer så godt me kan for å møte interessa hjå norsk ungdom og syne respekt for skattebetalarane.

Eg har nett fått budsjett for oss på faget for 2001. Eg trur ikkje mine eigne augo!

Der står det at får kr 750 til bokkjøp i år 2001.

Eg har ansvar for undervisning i nasjonallitteraturar frå eit kontinent som no i over femti år har imponert verda, og Norge, med sin poesi, med sin fantastiske og magiske forteljekunst, og med sine mange Nobelprisar i litteratur.

Eg arbeider i all hovedsak med litteraturen i Peru, og underviser dette semesteret om kvinnelitteratur frå Mexico og eg planlegg for 2001–2002 kurs og seminar om litteratur frå Cuba.

I samband med kurs og seminar dette vårsemesteret 2001, om kvinnelitteratur frå Mexico, leverte eg i januar 2000 ei prioritert liste over bøker av kvinne-forfattarar frå Mexico som eg ville Universitetsbiblioteket skulle kjøpe inn, slik at dei kunne vere tilgjengelege for studentane våre i januar 2001. Pr. 28. januar 2001 har eg ikkje fått ei einaste av desse bøkene.

Og ikkje berre det: Eg har heller ikkje fått noko svar eller grunngjeving frå Universitetsbiblioteket.

Men eg får jo kr 750 til bokkjøp!!! Vil ein heilt riktig og med budsjettet i hand kunne seie.

Ja, det gjer eg. Og eg kan då finne stor nyting og glede i å kjøpe to bøker dette året også!!! Samstundes ser eg at Statens lånekasse for utdanning arbeider med satsar på kr 5300 i året til bøker for ein student ved faget.

I budsjettet står det også at eg får kr 3000 til reiser i 2001. Eg trur mest det ikkje det er sant!!!

Eg har nett vore på forskingsopphald i Mexico, for å førebu meg på kurs og seminar med studentane ved vårt fag våren 2001, for å få kontakt med kollegaar som me kan innby til Bergen, og for å ha møte med eit forlag som skal gje ut ei bok eg skriv om litteraturen i Mexico.

Framståande forskarar frå Mexico kjem til Bergen i april 2001 for å halde førelesingar for studentane våre.

Reisene deira er betalt av utanriksdepartementet i Mexico!!!

Eg var altså på forskingsopphald i Mexico i seks veker.

Reise og opphald og bokkjøp kosta kr 38.600.

Eg får kr 3000 frå budsjettet på den jobben eg har som professor ved Universitetet i Bergen.

Eg har nesten betalt heile min faglege aktivitet sjølv!!!

Og det er ikkje første gongen.

Eg har ein arbeidsplass i staten. Og eg må betale eigenandelar både på bøker og på reiser og til representasjon for at denne jobben skal fungere slik eg vil: Til beste for meg, for studentane våre og for faget vårt.

Eg har no hug til å gjere mitt for at dette skal bli kjent for allmennta.

Foreldre i Norge betalar skatten sin.

Så sender dei sine unge døtre og søner, i god tru og med stor tillit, til Universitetet i Bergen. Foreldre og besteforeldre, på min eigen alder, er stolte over utviklinga til ungdommen sin og vil dei det beste for all framtid.

Ungdommen stiller med tenning, interesse og motivasjon til møte med eit spanande fag ved Universitetet i Bergen.

Men så sviktar systemet.

Og så får professoren pengar til to bøker i året.

Og Universitetsbiblioteket kjøper heller ikkje fleire.

Og så får professoren pengar til ei reise til Sandefjord.

Der har han ingenting å gjere, for fagleg sett skulle han ha vore i Santiago (de Chile).

Men professoren arbeider med eigenandelar, han.

Og dei er både på kr 35.000 og meir.

Og dei kan gjerne også vere både det doble, og meir.

Og då har professoren gjort systemet ei teneste når han slik skjuler elendet i det offentlege utdanningsvesenet.

Og så har han gjort seg sjølv ei bjørneteneste, om de vil, når elendet aukar i den personlege økonomien.

Og så sit han der fagleg stolt og trygg og sikker.

Og et graut og syg på labben.

Men han føler seg ikkje heilt bra.

Han heller!

BIRGER ANGVIK,

PROFESSOR VED SEKSJON FOR SPANSK SPRÅK OG LATINAMERIKASTUDIER,

UNIVERSITETET I BERGEN