Av Asbjørn Solberg, leiar Horda distrikt av DNT Det norske Totalavholdsselskap 21.03.2001 starta NRK1 opp ein ny serie om "Edle dråper", med same hovudaktør som sist. Denne gongen er det ølet som er i fokus.Vi har sett delar av den første sendinga i år, og med minnet om NRKs "2000-årgang" i bakhovudet, saknar vi ein breiare og meir nyansert omtale om konsekvensane av "vanleg" alkoholbruk. Næringa, som tener store pengar på alkoholen, set sikkert stor pris på NRK sin reklamefilm. Men vi spør: Er det rett av NRK å koma med ein slik einsidig omtale av ei vare som opp gjennom åra har framkalt så mykje vondt?Alle har vi møtt menneske som har fått livet øydelagt på grunn av alkoholbruk. Desse har nok vanskar med å kalla alkoholhaldige varer for edle dråpar. Skal tru korleis dei opplever denne NRK-serien? Og: Kva føler dei 200.000 borna i Noreg som har det vondt på grunn av foreldra sin alkoholbruk?To alkoholforskarar ved Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRUS) har kome med fylgjande hjartesukk: "Er mediebildet av rusmidler edruelig?: Kunne vi få til et bedre samarbeid mellom fagfolk og journalister, ville vi kanskje også få et mer edruelig og nyansert bilde av rusmiddelfeltet i mediene, og få dekket flere aspekter ved den norske befolknings rusmiddelbruk enn i dag." Vi ber NRK-leiinga på nytt vurdera sendingane om "Edle dråper", og sjå om de kan:1: Stoppa tendensen til å laga glansbilete av ei skadeleg vare, og2: Fylgja opp med tydelegare fokusering på konsekvensane og samanhengen mellom det uproblematiske alkoholforbruket, det kroniske alkoholforbruket og skadeverknadene alkoholbruken fører med seg for individ og samfunn.