Ein går imot amerikanarane både i Irak og i Midtausten, og støtter såleis Tyskland og Frankrike, og sviktar vår nærmaste allierte Storbritannia og USA. Dette kan på lengre sikt få dei alvorlegaste følgjer for landet vårt. Det gjeld å stå på god fot med EU, som er ein viktig handelspartnar, og med tanke på norsk søknad om EU-medlemskap. Det er viktigare enn tilhøvet til USA. Dette er kortsynt politikk. Det er England og USA vi må stola på. Det er tydeleg at ein ikkje har opplevd siste verdskrig, og såleis ikkje kjenner vår historie. Vi står i stor gjeld til dei for vår fridom. Korleis hadde det vore i Europa utan NATO?

EU er ikkje noko demokrati. Ein vil greia økonomisk det ein ikkje greidde med militær makt. Våre ressursar er sårbare i EU med fri flyt av kapital, for vi er ikkje tevlingsdyktige med EU. Det vert kattens leik med musa. Ikkje noko anna land, utanom Island og Færøyane er meir sårbart enn vårt.

Vi vil samarbeida, men kan ikkje underkasta oss EU, for det vil verta ein katastrofe for vårt land å gå inn i ein union, der vi vil måtte tevla på like vilkår om norsk vasskraft— og fiskeressursar. Det er å selja folk og land på billigsal. Vi må ha noko å leva av i vårt fattige land, for vi er ikkje tevlingsdyktige med Sentral-Europa. Danmark, Sverige og Finland vil greia seg, men vi vil verta svært sårbare overfor dei også, fordi dei manglar våre ressursar.

Vi brukar, som EU, Dei Sameinte Nasjonane, som er heilt handlingslamma, som skalkeskjul for vår utanrikspolitikk. Det er USA og Storbritannia som i første rekkje må ta støyten, betala prisen for vår fred. Kor lenge vil dei finna seg i det?

OLAV EIDE,

BYGSTAD