Formålet med regionalpolitikken i EU har sidan 1970-talet vore å redusere forskjellane mellom dei rike og fattige delane av unionen. Dette både er og har det vore brei politisk semje om. Godene som skapast gjennom økonomisk og organisatorisk samkvem skal fordelast mellom sentrale og mindre sentrale strøk. Fattige regionar skal motta støtte for å auke verdiskapinga, slik at også dei kan ta del i den generelle velstandsutviklinga.

Regionale overføringar utgjer i dag eit gigantisk pengesluk i EU. Regionalpolitikken legg beslag på om lag ein tredel av EU-budsjettet, berre passert av jordbruk i storleik. Mindre vil det ikkje bli når EU utvidar austover i mai neste år.

Dekkjer halve EU

EU sin regionalpolitikk såg dagens lys for første gang på 1970-talet. Tidspunktet var ikkje tilfeldig. Etter eit tiår med sterk vekst, møtte EU-landa veggen med oljekriser, stagnasjon og voksande arbeidsløyse. I 1975 kom etableringa av det europeiske fondet for regional utvikling.

Men gapet mellom fattige og rike regionar heldt fram med å vokse på slutten av tiåret og inn i 1980-åra. Den første reforma kom i 1988. Den neste i 1992, følgt av ny reform i 1999. Målet om å redusere forskjellane i EU låg heile tida i botnen, først og fremst gjennom å skape vekst i regionar som hadde ei verdiskaping under 75 prosent av snittet i unionen.

Investeringar i arbeidsplassar og infrastruktur er område som har vore sentrale i unionen sin regionalpolitikk. I 1994 var halvparten av alle innbyggjarane i EU dekka av regionalpolitisk tilskot i ei eller anna form. For perioden 2000-2006 er talet redusert til 41 prosent. EU kallar det «større konsentrasjon».

Andre meiner ei slik omfattande spreiing kan vere med å forklare kvifor ikkje overføringane gjev dei ønska resultata. EU gapar over for mykje, i alle høve om ein tek omsyn til at storleiken på midla som er tilgjengelege.

Målt i verdiskaping ligg dei fattigare regionane relativt like langt bak snittet i EU i dag som dei gjorde på 1970-tallet. Forskjellane mellom landa har blitt mindre, men internt har forskjellane auka. Dømer er Portugal og Aust-Tyskland, kor regionane som kjem inn under 75-prosentregelen faktisk sakka akterut frå 1995 til 2000.

Trass i massive pengeoverføringar, var verdiskapinga i dei 56 fattigste regionane i EU uforandra i forhold til snittet i unionen gjennom femårsperioden. Trenden har vore polarisering. Medan sterke regionar som Madrid, Catalonia og Lisboa har tatt steget opp i europeisk toppdivisjon, har dei fattige regionane i dei same landa ikkje blitt mindre fattige.

Den keltiske tigeren

Blant landa som tradisjonelt har vore dei største mottakarane av støtte, er Irland det einaste landet som har rykka opp i den europeisk eliten. Irland gjekk frå ei verdiskaping på 64 prosent av snittet i EU i 1988, til 115 prosent i 2000. I hovudsak skuldast dette ein straum av utanlandske selskap som blei freista av dei gunstige skattereglane i landet. Store EU-investeringar i infrastruktur var sjølvsagt ikkje til hinder.

Det er mogleg at forskjellane i landa ville vore endå større om ikkje EU hadde gått inn med støtte. Men den keltiske tigeren illustrerer eit viktig poeng, nemleg at regionalpolitikken ikkje alltid treng være det beste verkemiddelet i å skape vekst og rette opp regionale forskjellar.

For målet om reduserte økonomiske forskjellar i EU er langt i frå nådd. Reformene sidan den spede starten i 1975 har ikkje gjeve særlege andre utslag enn større overføringar. Kort sagt har politikken vore både dyr og dårleg.

Eit norsk alternativ

Kanskje treng ikkje EU sjå lenger enn til sin sære nabo i nord for å finne eit betre alternativ enn store overføringar. I Noreg er det brei politisk semje om at differensiert arbeidsgjevaravgift er eit effektivt og treffsikkert verkemiddel i distriktspolitikken. Ordninga gjer at bedrifter betaler stegvis lågare avgift dess mindre sentralt dei helt til. Differensieringa gjer distrikta meir attraktive, den gjeld for alle bedriftene i regionen, og går direkte inn der behovet for støtte er størst, nemleg i arbeidsplassar.

Ei kvar anna løysing vil medføre meir papirarbeid og byråkrati og kostnader for bedriftene, i tillegg til å treffe skeivt på eit eller anna vis. Når EU frå nyttår forbyr denne differensieringa, vil distrikta i Noreg få eit avgiftssjokk på åtte milliardar kroner. Det er lett å tenkje seg konsekvensane for arbeidsplassar og lokalsamfunn.

Juridisk makt

EFTA sitt juridiske kontrollorgan ESA (EFTA Surveillance Authority), som skal passe på at Noreg overheld EØS-avtalen, grunnar forbodet mot differensieringa med at den verkar som ulovleg statsstøtte. Den er i strid med konkurransereglane. Då kan det vere grunn til å spørje kva forskjellen er mellom overføringar og skattelette. Bortsett frå at overføringane går innom byråkratiet, sjølvsagt.

Men det hjelp like lite som den politiske semja her til lands. For internasjonale avtalar overprøver norsk lov, og ESA er blitt ein av premissleverandørane Noreg må ta for gitt. Enten det gjeld rusbrus eller differensiert arbeidsgjevaravgift. Svekkinga av det nasjonale demokratiet verkar openbar når interessekampen går føre seg i juridiske miljø i staden for i dei politiske.

EU har gjennom tretti år hatt store problem med å stille siktet i regionalpolitikken. Trass i gigantiske overføringar har forskjellane auka mellom regionane i landa, og utjamning verker i dag som eit fjernt mål. Unionen er langt i frå noko eksempel til etterfølging. Men veslebror Noreg kan ikkje bestemme sjølv.

Til EU kjem på betre tankar, vil eit av dei beste verkemidla i regionalpolitikken derfor ligge i skapet.