Alarmen gjekk mellom Hardanger-bøndene tysdag kveld, men saka vart i stor grad avdramatisert i går då Bergens Tidende fekk oppklart at dei mest illevarslande meldingane var basert på ein trykkfeil. Dei tollfrie EU-epla skal vera importert i perioden 1. mai til 1. august, medan dei fleste norske epla framleis heng på trea og mognar.

Fruktdyrkar Bjørn Lothe, som for tida er inne på Stortinget for SV, er likevel fortørna.

— Auka import i slutten av juli av EU-tidlegeple vil vera med å pressa den norske tidlegproduksjonen. Og det er denne som er best betalt for bøndene, seier Lothe til Bergens Tidende.

Saman med medrepresentant Ragna Flotve vil han ta saka opp i spørjetimen i Stortinget.

Landbruksminister Lars Sponheim, frå Hardangerbygda Ulvik, må svara for seg, meiner Lothe.

I dei første meldingane som informasjonstenesta til Frukt- og grønnsaksgrossistenes servicekontor, var ikkje tidsavgrensinga til sommarmånadene kome med. Bøndene frykta difor beinhard konkurranse i den viktigaste norske frukthausten. Den tollfrie kvoten er på 2.000 tonn i året, men avgrensa til halvparten i år, som ei overgangsordning.

Norske fruktbønder har normalt ei årsavling på 8000 tonn eple som helst skal seljast i det tollverna tidsrommet før 1. desember. Sist haust var ekstra god, med godt over 10.000 tonn. 2000 tonn frå EU kjem i tillegg til ein global kvote (alle land til saman) på tollfrie 1000 tonn frå før. Norske bønder har elles eit tollvern på kr. 4,83 for kiloen.