No kan vi vera i gang igjen. Det skal ikkje meir enn to meiningsmålingar til før stemningsskiftet i det norske folket er bombastisk slått fast. No er det eit stort fleirtal i det norske folket som vil inn i EU, så kva ventar vi etter? Nei, sei det. Nestleiar i Høgre, Erna Solberg, har med brei penn slått fast at norsk EU-medlemskap er viktigare for Høgre enn å sitja i regjering. Det er ei prinsipiell utsegn som det kan vera morosamt å henta fram etter kvart som høgrestatsrådane slåst for å bli sitjande på taburettane. På den andre sida — det kan vera eit nyttig argument å henta fram når det tek til å butta imot og regjeringa skal gå under likevel.

Jens Stoltenberg er meir varsam, og seier at det nye EU - som blir stempla i København denne helga - vil gi starten til ein ny EU-debatt i Arbeidarpartiet. Partiet skal finna ut av kva eit EU med 25 land i staden for 15 betyr for Noreg. Det er forstandig. Men kan vi vona på eit saklegare ordskifte enn i 1994 og 1972?

Det burde vera mogeleg, men eg tvilar på om vi får det til. Og opptakten i onsdagens EU-debatt på TV 2s Holmgang var ein dårleg start. Det var 1994 omatt. Må det vera slik?

Nei-folkets dilemma

Lat oss ta til med nei-sida. Kan ikkje Sigbjørn Gjelsvik innrømma nei-folkets dilemma når dei applauderer Aust-Europa inn i EU, men avviser å gå inn sjølv? Naturlegvis er det opp til polakkane om dei skal gå inn i EU eller ikkje, men jamvel mange nei-folk i Noreg ser med betydeleg sympati på at det fattige og tidlegare så undertrykte Aust-Europa får foten innanfor EU. Det finst alternativ til ei slik utvikling, men dei er alle dystre.

Så er det slik at Gjelsvik har rett når han seier det er relativt stor - om enn varierande - skepsis til EU-medlemskap i ein del av dei austeuropeiske landa. Men det sannsynlege utfallet er at eit fleirtal av folket seier ja. Då blir det for mange nordmenn litt vanskeleg å begripa kvifor Noreg ikkje bør ta del i det store europeiske prosjektet, som i beste fall kan førebyggja krig og konfliktar mellom folk som altfor lett har trive til våpen. Er det berre fordi vi er så rike at vi skal tilta oss retten til å halda oss utanfor?

Heva seg over rentefoten?

Men også ja-sidas profetar har eit ansvar. Onsdag la debattleiar Stenstrøm føringar som at norsk økonomi, som slit med høg rente og sterk kronekurs, ville klart seg betre om Noreg var medlem i EU. Dette vart ikkje korrigert av Arbeidarpartiets leiar Jens Stoltenberg. Det var kanskje ikkje så lurt.

Vår tredje EU-debatt, som kanskje kjem før stortingsvalet i 2005, hadde stått seg på om dei sentrale aktørane hadde heva seg litt over rentefoten når dei debatterte. Kva om Jens Stoltenberg hadde vore så ærleg at han hadde sagt som følgjer: Det er gammal kunnskap at norsk økonomi - basert på stor oljerikdom - svingar i utakt med EU-økonomien. Når oljeprisen er låg slit vi nordmenn litt, men då går det betre på Kontinentet. Når oljeprisen er høg, får vi nordmenn masse pengar mellom hendene. Då er det Kontinentet som slit. Dette er ein situasjon som ikkje vil endra seg om Noreg blir medlem av EU. I tillegg er det faktisk slik at Noreg har klart seg usedvanleg godt i tida frå 1972 til 1994 og frå 1994 til 2002 - utanfor EU. Norsk arbeidsløyse er, samanlikna med EU-land, ein teoretisk storleik.

Dette kunne ein raus EU-tilhengjar tillate seg å seia.

Kan nei-sida ha rett?

Det er mange polemiske poeng å skåra i EU-saka. Der er Inge Lønning uslåeleg. Men bør ikkje Ap-leiaren spela ei litt anna rolle? Dersom Jens Stoltenberg hadde vore ærleg nok, og stor nok, til å innrømma nei-sida rett der ho faktisk har rett, så ville mykje vore vunne. Då kunne han etterpå, og med langt større styrke, lansera sin europeiske visjon. Den er vakker. Og den er det mange nordmenn som har stor sans for. EU som eit all-europeisk fredsprosjekt finn resonnansbotn langt inne i nei-sida. Jens Stoltenberg kan med stor legitimitet hevda at Noreg bør ha ein plass i dette prosjektet, utan tanke på vinning eller tap på handelsbalansen. Det er ei utfordring nei-sida og Sigbjørn Gjelsvik korkje kan eller bør avfeia. Og det er ein debatt med flukt over. Så kan Kristin Moe og Oddvar Stenstrøm drøfta fleskeprisen.

Men ja-sida bør innsjå - kanskje også respektera - at nordmenn som er rykande usamde i EUs grunnleggjande strukturar og politikk, vil halda Noreg på utsida. Det er, i alle fall ideologisk sett, eit dårleg argument at vi skal gå inn berre fordi alle andre gjer det.

Lunte under sjølvråderetten

Men det er EØS-avtalen, praktisk, men litt uverdig, som kjem til å tukla til eit nytt medlemskapsordskifte. Den har resultert i at både EU-tilhengjarar og EU-motstandarar kjenner seg uvel med at vi passivt må overta ein EU-politikk vi ikkje er i nærleiken av å få vera med på å utforma. EØS-avtalen er ei saktebrennande lunte under heile sjølvråderetten. Men det ser altså ikkje ut til at folk flest bryr seg. Det går så greitt, så.

Her har ja-sida eit nakketak på den delen av nei-sida som ikkje vil ut av heile EØS-avtalen. Særleg kan Kristeleg Folkeparti, som sytte for fleirtal for avtalen, hamna i skvis. Det jusprofessor Eivind Smith omtalte som ein konstitusjonell katastrofe får meir og meir preg av ein husmannskontrakt. Avtalen vil hamna under dobbelt eld i neste EU-kamp. Men ho kan overleva fordi folket ikkje bryr seg. Eller - EØS-avtalen blir så sundskoten at vi står att med to alternativ - ein frihandelsavtale som Sveits eller fullt medlemskap? Det hadde i alle fall vore to meir reale val.

Meir makt til dei store

Mange synest vi lir under EØS-avtalen. Men kor stor påverknad kan Noreg rekna med som fullt medlem i eit EU med rundt 25 statar? Denne debatten må Jens Stoltenberg og hans medspelarar møta med ei viss audmjukheit. Nei-sida vil med ein viss rett kunna visa til at reformene i EU dreg i retning av mindre konsensus, mindre veto, fleire fleirtalsavgjerder og meir makt til dei store landa. Det er ei reell innvending ja-sida skal ta alvorleg, samstundes som det er råd å argumentera for at Noreg har lang praksis i internasjonal tautrekking, der små land kan vinna fram gjennom alliansebygging kring forstandige standpunkt.

Det kom meiningsmålingar med ja-fleirtal som oppspel til røystinga i 1994 også. Det fortok seg. Og det er uklokt å undervurdera kva som kan skje med eit såkalla stemningsskifte når Nei til EU tek til røra på seg att.

Likevel er det sannsynleg at stortingsvalet i 2005 blir eit EU-val. Då er det på'an igjen. Debatten vil bli driven fram av «de brennende hjerter» på begge sider, og dei er viktige. Fiskeri og landbruk og pluss og minus også. Økonomien er naturlegvis grunnleggjande. Det skal vi få merka i København denne helga, og «the devil is in the detail». Men somme av oss som har vore med i to bataljar før har eit fromt ønske: Ei romsleg haldning frå hovudaktørane - med ein viss distanse til sprit- og fleskeprisar - kan løfta vår tredje EU-debatt opp på eit høgare nivå.