Debatt

Av Olav Revheim

Den ikkje ukjende tidlegare ordføraren i eplekommunen Ullensvang, Torolv Hesthamar, kommenterte dette i ein festtale under Vestlandske Bondestemna, om lag slik: — So de veit tapte Ullensvang eplekrigen mot USA. Og han la til: - Men so va no regjeringa inne i Oslo på USA si sida! Ingen som kjenner den fritalande ordføraren, eller sjølve saka, ville satsa store summar på at utsegna hadde injurierande kraft, i høve til den dåverande regjeringa Brundtland.

I dag krev EU klekkeleg betalt med om lag 3,6 milliardar kroner årleg, pluss tilgang til fiskeressursar, for at Noreg kan få fri tilgang for fisk, i ein utvida EU-marknad. Noreg har til no alt hatt denne tilgangen i dei nye medlemslanda.

WTO (tidlegare GATT) arbeider ofte etter prinsippet om den sterkaste sin rett. I denne saka står likevel WTO fram som støttespelar til Noreg og hevdar at Noreg må ha rett til kompensasjon for dei nye tollmurane EU vil plassera i dei nye søkjarlanda (Nationen 14.01). Ifylgje avisa vert dette stadfest av ambassadør Bjørn T. Grydeland som leier EØS-forhandlingane. Grydeland uttalar vidare at det kan vera tvil om Noreg vil stå på den retten WTO sitt regelverk gjev høve til. EU avviser kravet og EU sin forhandlingsleiar Percy Westerlund hevdar at Noreg ikkje har fremja eit slikt krav.

Frå EU er dette ei kraftig markering av eigen forhandlingsposisjon. Det kan alt no sjå ut som Noreg har gjeve seg sjølv mindre handlingsrom enn venta, med signal som må tolkast som vilje til å betala for marknadstilgang Noreg alt har. Avståing av fiskeresursar og tilgang til fiskeflåten, kan neppe høyra med som del av ein handelsavtale og ein må tru, heller ikkje i norske politikarar si førestillingsverd. Når det er sagt, bør det likevel vera legitimt å minna om at ja-sida i mange år har hatt eit spesielt ansvar for varsemd med argumentasjon, som i ettertid kunne brukast til ufordel for Noreg. Mange synest i alle fall å sjå, at Noreg som ikkje-medlem, på ein del viktige område kan vera meir EU-tru enn EU sjølv.

Når det gjeld EØS-avtalen, er det påfallande kor mange lovnader som ikkje kan oppfyllast. Nokre døme: I praksis ingen vetorett, ingen eigen distriktspolitikk, ingen eigen mat- og ernæringspolitikk ingen eigen alkoholpolitikk, osv. Dette trass i at Noreg på eit formelt avtalegrunnlag har rettar som det politiske fleirtalet her i landet til no ikkje har vilja nytta. Men ein må ikkje gløyma kontrollorganet ESA, som utrøytteleg arbeider med å utvida avtalen, i takt med EU sin produksjon av nye lover. Det er ikkje lett å vera usamd med dei, som litt på spissen, hevdar at avtalen kan samanliknast med ei forstørra husmannskontrakt.

Det er knytt ein uheldig politisk prestisje til EØS-avtalen. Dette gjer det vanskeleg å få til eit politisk samarbeid om det som mange meiner ville vera den beste løysinga - ein frihandelsavtale, der den politiske overstyringa av Noreg vert fjerna.

Dei som måtte tru at alternativet til ein støtt meir brysam EØS-avtale, ligg i fullt EU-medlemskap, kan lett dra ei forhasta slutning i høve til eit komplekst emne. Det kan til dømes vera noko naivt å tru at folkestyre og lokaldemokrati vil auka i takt med storleiken på eit utvida EU.

I augneblinken kan det vera fleire enn underskrivne som er opptekne av dette spørsmålet: På kven si side er Stortinget og regjeringa inne i Oslo denne gongen?