Av Sigurd Solberg, leiar i Hordaland RV

Norske gasskraftverk vil få låg virkningsgrad. Dei vil dårleg kunne nytte overskotsvarmen slik dei må lokaliserast.

Sjølv med CO2-frie verk vert energi/miljøregnskapen dårleg. Gass bør sparast mest mogeleg og nyttast som mat— og produksjonsråstoff for kommande generasjonar.

Den gode løysinga for energiproduksjon i Noreg ligg i energisparing/energieffektivisering og fornybare energikjelder. ENØK og overskotsvarme frå industri, supplerande vasskraftverk, vind/bylgje, varmepumpe, bioenergi, mv. kan gje eit stort og heilt tilstrekkeleg tilskot til den vasskrafta vi allereie har. Kostnadane pr. kWh er ikkje større enn for gasskraft. Slike tiltak vil gje fleire arbeidsplassar i produksjon, drift og vedlikehald enn gasskraft. Og slike tiltak kan gje stor reduksjon i brenning av fossilt brensel. Forsking, utvikling og tilrettelegging for ENØK og fornybar energi må bli eit satsingsområde i Noreg. No er satsinga på gass og den manglande ENØK-kompetansen eit hinder i ENØK-arbeidet.

Sjølv om CO2-frie gasskraftverk ikkje bør vera aktuell politikk i Noreg, er den norske ekspertisen på slik produksjon viktig for andre land. Folkerike land som India og Kina vil i overskodeleg framtid trenga mykje energi - som ein delvis må dekka med fossile kjelder. Her er utfordringane andre enn i Noreg, og CO2-frie gasskraftverk kan være eit naudsynt element i løysinga.

Gassrøyr til Bergen kunne vore eit miljøprosjekt om gassbruken vart avgrensa til å fase vekk olje og elektrisitet til vanleg romoppvarming - slik at elektrisitet kunne nyttast til varmepumper og anna energimessig høgverdig føremål. Men dimensjonane på det aktuelle gassrøyret er så stort at det i hovudsak vil krevje ein auka energibruk i regionen. Det bør vi ikkje få. Det er olje/gass-kapitalen som pressar på for høgare utvinningstempo og høgare energiforbruk i Noreg. Det er ein kynisk og kortsiktig energipolitikk - som ikkje tek omsyn til miljø og kommande generasjonar.