Då opnar Statens Vegvesen nemleg den nye strekninga på E39 i Nordfjord forbi Sandane sentrum. Ei mil ny veg utanom sentrum gjev dei vegfarande ei tidsmessig innsparing på omkring seks minuttar.

— Vi har nettopp testa ut dette, og funne ut at vi brukar fem-seks minuttar kortare tid på nyvegen i forhold til den gamle traseen gjennom Sandane sentrum, opplyser byggeleiar på anlegget, Harald Eilertsen.

I praksis vil trafikantane spare endå meir tid enn berekninga tyder på, ettersom ingen lenger må stoppe for møtande trafikk på smal veg eller for fotgjengarar som skal over gangfelt i sentrum. Den nye vegen går frå Kleivedammen til Andenes, og er totalt på 10,2 kilometer, heile strekninga med 80-sone.

Prosjektet har kosta 202 millionar kroner, har sju bruer og ni jordbruksundergangar. Vegen går elles gjennom eit av dei største og eldste gravfelta på Vestlandet, og storstila arkeologiske utgravingar føregjekk i forkant av anlegget.

Blant anna passerer den nye vegen ei kvinnegrav frå år 175-200 e.kr., der arkeologane mellom anna fann eit gullsmykke. Bergen Museum skal kome med ei informasjonstavle på staden, opplyser Vegvesenet.

SEKS MINUTTAR SPART: Det smale og svingete strekket på E39 mellom Sandane og Anda er historie. I morgon opnar den nye traseen, som ikkje minst styrer gjennomgangstrafikken utanom Sandane sentrum. Og sparer deg for rundt seks minuttar på turen langs stamvegen på Vestlandet.
FOTO: ODDLEIV APNESETH