Denne gongen gjennom intervju i NRK-Hordaland torsdag. Dette er stikk i strid med dei politiske vedtak som er fatta i Hordaland fylkesting, og tidlegare i Stortinget. Ein indre ferjefri trasé vil koste fleire gonger så mykje som den vedtekne traseen over Halhjem og Os, og er såleis heilt urealistisk dei kommande 15-20 åra.

Hordaland fylkesting har vedteke at stamvegtraseen E 39 skal gå over Tysnes (Våge), vidare til Os (Halhjem) med ferje og derifrå langs ny trasé til Bergen. I tillegg har Stortinget sagt at ein på lang sikt skal arbeida for ein alternativ ferjefri riksvegtrasé langs ei indre linje over Fusa.

I Handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan ligg E 39-prosjektet inne med løyving på 40 mill. kroner til oppstart av parsellen Moberg-Svegatjørn i Os allereie neste år. Dersom Harry Herstad og andre no skapar uvisse om kvar hordalendingane vil leggja den framtidige stamvegtraseen, kan dette få alvorlege følgjer for regjeringa og Stortinget si handsaming av prosjektet i statsbudsjettet for 2003. Eit utfall der Vestlandet nok ein gong misser store samferdsleløyvingar pga. lokal usemje, vil vera ei katastrofe for regionen.

Det minste ein må kunne krevja er at alle, også Harry Herstad, har respekt for fleirtalsvedtak, sjølv om dei personleg er ueinige i vedtaket. I kulissane lurar dessverre også Høgres stortingsrepresentant frå Sunnhordaland, Øyvind Halleraker. Også han har komme med gjentekne utspel om ein indre ferjefri stamvegtrasé. Det bør ikkje skje igjen!

Vi voner dette er siste gongen vi får slike «buskutspel» i denne prosessen. No må vi stå samla for å sikra at E 39-prosjektet Os-Bergen vert prioritert med konkrete løyvingar i statsbudsjettet for 2003, slik at arbeidet kan starta opp neste år slik Hordaland Vegkontor har planar om. Vidare må vi stå samla om opprustinga av heile E 39 langs Vestlandet, for å styrkje næringslivet og utviklinga i heile regionen vår. Usemje lokalt er det beste argument ein Stortingspolitikar kan ha for å utsetja løyvingar til eit prosjekt!

Av Terje Søviknes (Frp),

ordførar Os kommune