Av Ola Aa Eldøy

Heggset vil sikkert vera i stand til å svara for seg. Eg vil knytta nokre merknader til Siri Martinsen sitt forsøk på å omfavna Hordaland Arbeidarparti.

NOAH — for dyrs rettigheter er imot alt vanleg husdyrhald. Dei er motstandarar av bruk av produkt frå dyr.

Eg kan ikkje tru at nokon av dei mange arbeidarpartiveljarane eg kjenner i Hordaland, kan tenkja seg å ha felles haldningar med dei ekstreme synspunkta NOAH og tilhengjarane deira står for.

Hordaland er eit av dei fylka i landet som har størst husdyrproduksjon, når fiskeoppdrett blir rekna med. Vi kjenner alle til den store satsinga som ein ventar innan oppdrettsnæringa i åra framover. Hordaland eksporterer for milliardar av kroner i denne næringa, som gir sysselsetting og innkome til både by og land. Når både NOAH og Dyrebeskyttelsen nå har vore så aktive i Hordaland i den siste tida, ville det vore svært interessant å få dei til å tilkjennegi si haldning til fiskeoppdrettsnæringa, som på mange vis kan samanliknast med pelsdyroppdrett.

Siri Martinsen si avslutning med gratulasjon og takk til Hordaland Arbeidarparti som «sa et klart nei til dagens pelsdyroppdrett» er, som tidlegare nemnt, prega av frekkhetens nådegave.

Hordaland Arbeidarparti sitt årsmøte sa, etter utskrifta frå vedtaket, ikkje nei til pelsdyroppdrett.

Norsk pelsdyroppdrett har behov for langsiktige rammevilkår. Arbeidarpartiet og andre parti i regjeringsposisjon har gitt oss slike vilkår. Seinast skjedde dette i mai 2000 i samband med Stortingsmelding 19 «Om norsk landbruk og matproduksjon», der næringskomiteen på Stortinget gav ein tilleggsmerknad til stortingsmeldinga som gav pelsdyrnæringa positive og sikre rammevilkår i åra framover. Ein samrøystes næringskomite, der m.a. Rita Tveiten frå Hordaland Arbeidarparti er med, gav denne merknaden. Det har ikkje skjedd noko innan næringa i dei få månadene som har gått, som skulle tilseie ei endring i høve til vedtak ved stortingsmeldinga. Det einaste som har skjedd, er sending av eit tv-program som inneheldt 10 minuttars kampanjejournalistikk der ein førte fram eit negativt og svært tendensiøst bilde av næringa. Dette programmet vart etterfølgd av ein kampanjeprega aktivitet frå Dyrebeskyttelsen og NOAH mot det politiske miljøet. Nokre politikarar «har ikkje likt det dei har sett», men det dei har sett er tydelegvis berre knytta til 10 minuttars kampanjejournalistikk.

For oss alle som driv ei eller anna form for husdyrhald, inkludert kjæledyr, er avgrensing av dyra sin fridom ei følgje. Men samtidig er det ei klar målsetting at dyra si velferd skal gjerast best muleg innanfor dei rammene ein kan ha for dyrehaldet.