Jenny Berg-RolnessDyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

Nærkontakt med ponniar, geiter og hundar på sirkusplassen er ofte vel så populært for barna som møtet med elefantar som står inneslutta i si eiga verd og ruggar i eit stereotypisk mønster. Det er betenkelege sider ved bruk av dyr generelt i sirkus, men ville dyr som høyrer heime under andre himmelstrøk har i allefall ingenting i eit omreisande menasjeri å gjere. Elefantar kan bli opptil 70 år gamle. I det fri lever dei eit sosialt liv i store familiegruppe rog vandrar over veldige område. Flokklivet på dei opne, solfylte slettene med skuggefulle tre og avkjølande vatn, er i sirkuset erstatta med mørke containervogner, telt og lenker og i mange tilfelle total isolasjon frå artsfeller.Uansett kor god viljen måtte vere så lar det seg ikkje gjere å tilby desse dyra eit leveverdig liv i sirkus. Kan det forsvarast å gjere medskapningar livsvarig ulukkelege for nokre minutts underhadlning?

Glitteret i mansesjen kamuflerar realtitetane for dyra. Hemmelege videoopptak frå britiske sirkus har vist oss den mørke baksida av medaljen. For elefantane sin del — eit liv i lenker, systematisk psyka ned gjennom mishandling med jernstenger piskar og krokar. Det krevst svært harde metodar for å tvinge ein stolt elefant til underkasting. Mange dyrenummer blir importerte frå andre land der dyra har dårlegare vern enn i Norge, og desse dyra gjennomgår i tillegg har lange og utmattande transportar.

Det er gjennom naturfilmar, der vi kan sjå dyra i deira rette miljø, at vi lærer respekt og forståing for dyra. Det vi ser i sirkusmanesjen er ein forvrengt kopi og ein sjølvsletta skugge av det dyret ein gong var. Tvangsrørslene som elefantar og andre sirkusdyr gjentek i de tuendelege, viser at dei har gitt opp å mestre miljøet sitt og at dei opplever ein uuthaldeleg frustrasjon. Mange kjenner seg deprimerte etter ei sirkusforestilling, på vegne av dei ville dyra som tvingast til å opptre, og mange boikottar sirkus av same grunn. Fleire land, mellom anna Finland, har fobode framsyning av framandarta dyr i sirkus, og motstanden er aukande over store delar av verda. Vi trur at sirkusa i det lange løp vil tene på å utelate opptredenar med ville dyr frå programmet.