Henning Rutledal

Men gjer denne frasen dei meir truverdige? Ein kunne bli freista til å tolke utsegna som om dei for det meste talar usant.

Vi har ei samfunnsutvikling, såkalla berekraftig utvikling, basert på løgnaktig retorikk frå dei omtalte samfunnstoppane.

Når den sittande regjeringa seier at dei fattigaste i samfunnet vil få det betre med høgrepolitikk, så er det usant. Det som er sant er billigare alkohol, rusbrus i butikkane og skatteletter til dei med inntekt over 350.000 kroner i året.

Når politikarar, LO-pampar og næringslivstoppar manar til moderasjon ved komande lønsoppgjer så gjer dei unntak for seg sjølve, dessutan er det ein brutal forskjell på definisjonen av ordet moderasjon. Ved ein lønsauke på la oss sei to prosent, for ein utearbeidande anleggsarbeidar som tener 250.000 kroner i året og ein dresskledd innearbeidande «parasitt» som tener for eksempel tre millionar i året, så vil altså det «moderate tillegget for den «parfymerte, dresskledde innearbeidaren» utgjere 60.000 og anleggsarbeidaren får 5000 kroner.

Når mellom andre Jens Stoltenberg vil legge band på pressefridomen så argumenterer han med hensynet til personvernet og kjende personars familie.

Meir truverdig hadde det blitt om han hadde sagt rett ut at samfunnstoppar helst ikkje vil bli «plaga» av eit nysgjerrig pressekorps, og som eksempel kunne han jo ha forklart at hadde det ikkje vore for den irriterande pressefridomen så kunne Terje Rød Larsen hatt bustad i Oslo i staden for Midtausten.

Når advokatforeininga reagerer på det som i den siste tida har føregått i advokatfirmaet Ba-Hr så er det ikkje løgnaktigheita dei vil til livs, det som hastar mest er å få straffa den advokaten som blottla advokatfirmaets tvilsomme handlemåte i Tønne-saka. Advokatar er mellom dei mest aktive yrkesgruppene i samfunnet til å foredle løgna til noko høgverdig. Den norske rettsstaten er blitt meir lik den amerikanske der nesten «perverse» juridiske tolkingar kan få skuldige rike menneske frikjende medan fattige uskuldige havnar i fengsel. Det same føregår i det «demokratiske» EU, i dag fekk vi høyre at den tidlegare korrupsjonsdømde franske ministaren Jacques Delors vart frikjend frå skuldingane etter at han anka korrupsjonsdommen.

Når høgresida i norsk politikk er så ivrige etter EU-medlemskap (dette gjeld også høgresida i Arbeidarpartiet) så er det ikkje av omsyn til folk flest, men medlemskap vil gjere det mykje lettare å implementere mellom anna WTO sin GATS-avtale. Opne opp for fri arbeidsinnvandring frå ti nye fattige EU-medlemsland gjer vi allereie frå dag ein ved at vi er EØS-assosiert.

Dagleg lyg reklamen til oss frå alle massemedia, stupide såpe— og reality-seriar forherligar dei «beste» løgnarane og intrigemakarane.

Er det verkelig slik vi vil ha det, eit samfunn der løgna er berebjelken?