Statistikken syner at over 80% av ungdom mellom 15 og 18 år aldri har prøvd stoff. Likevel snakkar mange om at ungdom ønskjer "fridom" til å bruke stoff. Senterungdomen ønskjer fridom frå stoff! Narkotika er ikkje et alternativ som løyser noko problem — det berre forverrar dei problem nokon vil rømme frå. Senterungdomen arbeider med mange tiltak rundt i landet for å stoppe narkotikaen.

Det viktigaste er å ha gode fritidstilbod for ungdom, fornye rådgjevingstenesta med å ha ein fagleg og ein sosialpedagogisk rådgjevingsteneste, og ha ein god helsesøsterteneste ved alle vidaregåande skuler.

Vi ønskjer å redusere narkotikaproblema gjennom informasjon og positive alternativ til å ruse seg, ikkje gjennom legalisering. FRODE GJERDE, LEIAR SOGN OG FJORDANE SENTERUNGDOM