Victor Norman er ein hyggjeleg mann, men han har samstundes ein lei tendens til å koma på kant med folk. Det kan ha ulike grunnar, og ein av dei er at mannen har anlegg for ein viss arroganse. I tillegg kan han vera strid og lite fleksibel. Men det er eigenskapar som tidvis kan bli rekna som plussvariantar hos ein politikar som vil noko. Det kan sjå ut som om Victor Norman høyrer heime i den kategorien.

Normans store prosjekt er modernisering av offentleg sektor. Det høyrer vi til dagleg lite om, og prosessen går for ein del i det stille. Det vi til gjengjeld har høyrt mykje om er ein liten del av dette prosjektet, som inneber at ni statlege tilsyn og rundt 900 arbeidsplassar blir flytta frå hovudstaden til ulike byar rundt i landet — i trygg avstand frå dei miljøa dei skal føra tilsyn med.

Kristeleg Folkeparti gler seg over Normans prosjekt. Det same gjer Venstre. Arbeidarpartiet og SV vrir seg, fordi dei ikkje vil koma på kant med sterke arbeidstakargrupper i Oslo. Men kva meiner Høgre?

Ja, det er høgst uklårt. Inge Lønning kan ikkje sjå at det er regjeringas oppgåve å flytta arbeidsplassar ut or hovudstaden, så han gir full støtte til Høgre-byrådets kamp mot Norman. Vi får tru Lønning, med evne til prinsipiell tenking, ikkje snakkar som han gjer fordi han tilfeldigvis er innvald frå Oslo.

Kjenner ikkje att Høgre

I Aftenposten skriv ein av dei mennene som meiner seg best i stand til å definera kva som er god Høgre-politikk sin faste spalte. Han heiter Kjell Hanssen, og han drøfta problemstillinga i Aftenposten den 2. april under tittelen «Kjenner velgerne Høyre igjen?» Hanssen er ottefull av fleire grunnar, men peikar altså på at «ikke alle Regjeringens handlinger, heller ikke alle utspill fra høyrestatsråder, lar seg gjenkjenne som høyrepolitikk. Mest demonstrativt i så måte er utvilsomt Victor Normans tvangsflytting av ni statlige tilsyn fra Oslo til diverse distrikter»... «Og en regjering som kan finne på noe slikt som dette, kan ha mer fantasi enn godt er.»

Så langt Hanssen. Men det er nok ein god porsjon veljarar, til dømes på Vestlandet, som gjerne skulle ha eit klårt svar på om det Victor Norman syslar med - til dømes å flytta Konkurransetilsynet til Bergen - er god Høgre-politikk. Kanskje landsmøtet kan gje oss svaret?

H-statsrådar med suksess

Det er eit travelt Høgre som er samla til mellomlandsmøte i Stavanger. Høgre hadde mykje ugjort då dei gjekk inn i Bondevik II, og det har dei to andre regjeringspartia fått merka. Det er Høgres saker som dominerer regjeringsarbeidet. Dei har ein miljøvernminister som stadig står på barrikadane, endå om motvinden har auka på siste tida. Dei sit med ein arbeids- og administrasjonsminister frå Bergen som blir tiljubla langs heile kysten frå Stavanger til langt opp i Nordland. Dei sit med finansministeren som ordnar skatteletta, og dei sit med kommunalminister Erna Solberg som har sett seg føre å restrukturera Kommune-Noreg. Det fylkeskommunale nivået er snart tømt for meiningsfylte oppgåver, og det let ikkje til at ho har tenkt å fylla vakuumet med eit nytt og større regionalt nivå. Ho representerer staten, og staten gir som kjent ikkje frå seg korkje makt eller mynde frivillig.

Men veljarane sviktar

Sånn sett burde Høgres statsrådar og partiet elles vera nokså fornøgde med stoda. Den politiske kursen er det Høgre som har sett. Men nett no går det litt trått, og regjeringa - eller rettare regjeringspartia - misser veljarar i tusental. Statsministeren slit og misser popularitet. Fråfallet er såpass stort at det ikkje er heilt lett å forklara. Ja, bortsett frå at Carl I. Hagen, legitimt nok, utnyttar ein krigssituasjon der Høgre - med eit mogeleg unnatak for forsvarsminister Kristin Krohn Devold - må leggja band på seg. I andre enden er det krigsmotstandarane i SV som profitterer på USA og Storbritannias invasjon av Irak. Veljarane forlet regjeringspartia til fordel for ytterkantane. På somme målingar er Framstegspartiet dobbelt så stort som Høgre.

Det er naturlegvis ikkje så hyggjeleg. Men her har vi det faktum at Høgre - trass i Kjell Hanssens skriveri - er ein stabil og lett gjenkjenneleg storleik i norsk politikk. Vi brukar å veta kvar vi har Høgre.

Frps frieri til Ap

Det kan vera ein styrke når Framstegspartiet no tek til å beinflørta med Arbeidarpartiet, til dømes i form av forslag om store statlege fond som skal hjelpa norsk næringsliv. Frps politiske prosjekt blir meir og meir utydeleg, bortsett frå at partiet skal bli større og helst koma i regjering. Men frieriet mot venstre kan rydda plass for eit større Høgre, som etter mi meining bør ha ei stabil oppslutning frå mellom 20-25 prosent av veljarane. Det kan skje dersom dei som mellombels har vore innom Frp oppdagar kva som skjer, og hoppar tilbake til Høgres trygge hamn.

Der kan dei trengjast, for medlemsmassen skrumpar inn. I årsmeldinga brukar sentralstyret mykje plass på å fortelja om ein vellukka vervekampanje, og den kan det sikkert seiast mykje bra om. Men den nådelause realiteten, som inkluderer at passive ikkje-betalande medlemmer er skrella bort, viser at talet på høgremedlemmer har gått tilbake frå 62.135 i 2001 til 51.112 i 2002. Det gapet kunne ikkje 1706 nyverva medlemmer fylla.