debatt Av Arne Trageton, 1. amanuensis, pedagogikklærer Høgskolen Stord/Haugesund

Dermed skjermar ein borna . Men er søppelet automatisk betre for tenåringar og unge vaksne som er målgruppa? Er det ei viktig medieoppgåve å auke skilsmissefrekvensen, utruskapen, rusmiddelbruken, egoismen, å drite ut andre, valdsløysing av konfliktar og spelegalskapen i samfunnet? Jamvel med kyniske økonombriller byrjar ein å rekne på kor mange milliardar ekstra som går med til sosial-, helse— og politivesen for å reparere på skadene. For tv-kanalane som forsvarar seg med at dei sender det «folk» vil ha, er det verd å merke seg at jamvel med 700.000 sjåarar er det 3.500.000 nordmenn som ikkje er interessert i denne typen fjernsyn. Skal desse berre bruke avknappen? Bør ikkje den tause majoritet få andre program enn drittsekk-tv i beste sendetid?

Med Nina Hauge sin artikkel i BT 10 . jan. har debatten kome over i eit meir konstruktivt spor. Sensurering av tv/video/internett er ein velmeint, men håplaus strategi. Ho meiner t.d. at det er ynskjetekning at TV 2 vil flytte «Hotell Cæsar» til sein kveldstid. Med all gratisreklamen «Big Brother» no har fått, vil sjølvsagt fremmelege born programmere videospelaren til å ta opp programmet, så borna kan sjå det i ro og mak medan foreldra ikkje er heime, eller dei ser det hjå kameraten sin. Hugsar du «motorsagmassakren» med ekte mord på video som gjekk som ein farsott mellom born på byrjinga av 80-talet, då videosjappene skaut opp som paddehattar? Alle har sjølvsagt ansvar for å oppdra born. Tv/massemedia har eit større ansvar i dag enn på 80-talet. Foreldreansvaret er påpeika, men kva bør skolen gjere med saka, Omar Mekki?

På 80-talet var svaret å få inn mediekunnskap i lærarutdanning og dermed i grunnskolen. Den kritiske konsument som kunne velje, var idealet. Borna skulle etter Mønsterplanen 1987 trene seg på å analysere vaksne sine mediebodskap kritisk, og ta ansvar for eige konsum. Paradoksalt nok sto det meir om mediekunnskap i M87 enn i vår nye læreplan L97! Men Nina Hauge peiker i sin kronikk påpasseleg på kva som faktisk står i L97 og som ofte vert forsømd på grunn av manglande kunnskap hjå lærarstaben. Eg trur likevel hennar hovudvekt på den kritiske konsument ikkje er den mest effektive måte å arbeide på.

Det mest skræmande med informasjonsflaumen frå tv, video, internett er ikkje at 95 prosent er kommersielle program med til dels svært dårleg kvalitet, der dei viktigste måla er å auke forbruket og konsumet på alle område. Nei, det mest skræmande er at vi får eit meir einsretta samfunn enn nokon diktator tidlegare kunne drøymt om, der kanskje berre 0,1 prosent av folket er produsentar av mediebodskap, medan 99.9 prosent er mottakarar og konsumentar av andre sine meiningar.

Kven bestemmer «nyhende» og dagsorden? Ikkje regjering og 165 stortingsmenn eingong, men nokre få journalistar/kamerafolk i tv-kanalane, VG, Dagbladet, Se og Hør og av og til Aftenposten. Eg ser det som ei sentral oppgåve for skolen å få alle born til å bli skapande produsentar av mediebodskap, lære å ytre seg og koma med sjølvstendige meiningar om kva som er vesentlege bodskap å dele med andre. Born som i oppveksten har fått ytre seg gjennom leik, teikning, skriving, dramatisering, lage «aviser», «radioprogram», «tv- program» osb.

Resultat:

1. Å produsere eigne meiningar er meir interessant enn å konsumere vaksne, til dels overflatiske og skadelege massemediemeiningar. Skolen har dermed starta prosessar som fører til innhaldsrike fritidsaktivitetar. Dei lagar aviser, startar eigen «radiostasjon» lagar cd, eigne videoar/tv-program for nabolaget!

2. Å produsere eigne meiningar tek så lang tid at dei aktive borna får lita tid til passivt å konsumere tv/video, korkje «drittsekkprogram» eller velmeinte amerikanskprega «barneprogram» laga av vaksne. (tv-produsentar ser sjeldan på tv)

3. Systematisk arbeid som skapande medieprodusent fører til at barnet også blir ein kritisk konsument.

Ein av mine studentar var ein lærar med vidareutdanning i mediekunnskap og no i småskolepedagogikk. Alt for 12 år sidan var han uroleg over den eksplosjonsarta utvikling av medietilbod, der amerikanske born brukte 5-6 timar på passiv tv/videotitting pr. dag, meir tid enn borna hadde på skulen. Var det ca 20.000 mord dei hadde konsumert på tre år? Men læraren valde ikkje kritisk analyse av enno meir vaksenprodusert tv/video, men produksjon av mediebodskap i staden. Borna laga reklame, tv-program i avskoren pappøskjerute, film og video, både fiksjon og dokumentar. Dette var tverrfagleg temaundervisning der samfunnsfag, norsk og forming vart hovudfaga. Borna trivdes i rollene som redaktør, forfattar, skodespelar, opplesar, reporter, kameramann og lydmann. (Jentene lurte på kvifor det måtte vere menn i desse viktigaste rollene). Dei vart forferdeleg skuffa over NRK Hordaland der radiojournalisten brukte ein heil dag for å intervjua dei, og etterpå kom det berre 10 min. i radio, med mest snakk med læraren! Dei lærte mykje om kva makt journalist og kameramann hadde som produsentane av mediebodskap. Det var deira meiningar som kom fram, ikkje bornas. Etter 70 timars arbeid over fire veker spurde læraren kva borna hadde lært. Her kjem nokre av svara:

– me har lært korleis mediefolk jobbar. Det som ser nifst ut er berre triks.

– me har lært at ikkje alt er sant som er på tv, ikkje eingong Dagsrevyen!

– ikkje alt er sant som mediefolkene seier. Mange forestiller seg Finland som ein gubbe som drikker, etter at fjernsynteatret har vist filmer. Sånn blir landa misforstått. Det burde NRK rette på. de burde sende skiklige filmer, og da mener eg skiklige filmer.

Tiårige medieprodusentar blir altså også klokare kritikarar av vaksenproduserte meiningar som media dyttar på dei. Kvifor ikkje sleppe borna til med å lage barneprogram med full barnekontroll, ikkje «dressert» av ungdommelege vaksne som veit kva som er siste skrik i mote- og reklamebransjen til kvar tid.

«Avis i skolen» er prisverdig interessert i «barnesider» med barn i produsentrolle. Men kvifor skal borna berre sende inn stoff som så vaksne redaktørar, journalistar, fotografar, layoutfolk og desk blandar seg opp i når det gjeld den endelege presentasjonen? Eg utfordrar Einar Hålien: Tør redaktøren å overlate ei side i BT fullstendig til for eksempel 2. klasse på Omar Mekki sin skole, der borna får totalansvar: Innhaldsvurdering, redaktøransvar, journalistarbeid, biletproduksjon, vurdering av layout-val, bokstavstorleik, plassering osb. utan at nokre i BT tuklar med oppsettet? Det vil gje 8-åringane ytringsfridom i relasjon til media. Det kunne vore interessant å sjå kva bodskap borna sjølv meiner var dei viktigaste å formidla til BT-lesarar av alle aldrar.