Det skortar i alle fall ikkje på visjonane. Eit forprosjekt som vart lagt fram i kommunestyresalen i Jondal før helga, syner korleis det særmerkte, nakne steinlandskapet i Hereiane kan verta eit opplevingssenter med steinen i sentrum, men med mange andre godbitar attåt.

Heilårsdrift

  • Natursti og oppstilling av store steinblokker som fortel både geologisk historie og kulturhistorie.
  • Båthamn, utleigehytter, innandørs geologisamling, kafé, båtbyggjarverkstad, Folgefonna naturverkstad for bærekraftig næringsutvikling. Informasjonssenter for Folgefonna nasjonalpark.
  • Forskingsstasjon knytt opp til geologi med satsing på jordvarne og geovarme. Eige laboratorium og konferansesenter med auditorium. Kanskje eit nasjonalt mineralregister. Kort sagt; heilårsdrift.

70 arbeidsplassar rauk

Samla investeringar er grovt rekna til rundt 60 millionar kroner.

Idéen til dette er ei frukt av nederlaget som Jondal kommune og ordførar John Skogseth gjekk på, då Miljøverndepartementet i 1998 sa endeleg nei til pukkverk i Hereiane. Då rauk 60-70 arbeidsplassar. I Stortinget spurde Olav Akselsen regjeringa om skaden kunne rettast opp att på ein eller annan måte.

– Signala var positive, og på det grunnlaget tok vi opp tanken om å laga ein geologipark i Hereiane, seier John Skogseth.

Ikkje verdas navle

Naturgeograf Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen har deretter leia ei prosjektgruppe som har late idéane bobla fritt.

– Dette forprosjektet er meir å sjå på som ei idéskisse. Vi har ikkje gått nærare inn på realismen i alt det vi har lagt fram. Om vi ser på økonomien i dette, er det viktig å hugsa på at Jondal ikkje akkurat er verdas navle. Dei store turiststraumane går utanom, seier Jostein Bakke.

Til Oslo etter pengar

Neste steg i prosessen er eit forsprosjekt som skal gå meir detaljert til verks, ikkje minst når det gjeld finansiering. Jostein Bakke opplyser at turen no går til Oslo, der oppgava vert å få ut pengar frå Nærings— og Miljøverndepartementet til eit prosjekterinsarbeid som vil gå over minst to nye år.

– Vi trur vi treng 2,5 millionar kroner og ein person tilsett på heiltid til å arbeide med dette. Sponsorar må finnast. Det må tingast om finansieringsavtalar. Vi må forma det faglege innhaldet, lysa ut ein arkitektkonkurranse, knyta nære band til andre attraksjonar i Hardanger-regionen, seier Jostein Bakke.

Så enno er det langt fram for geologiparken i Hereiane.

Men starten verkar lovande.