— Hadde vi ikkje fått denne avgjerda, er eg redd heile skulen ville blitt lagt ned, seier rektor Terje Landro.

I går kunne rektoren, tilsette og elevar puste letta ut. Fleire månaders kamp er vunne.

I utgangspunktet skulle nemleg Krokeide og ni andre liknande institusjonar handsamast som alle andre private skular etter den nye lova. Den nye tommelfingerregelen går ut på at staten betaler eit tilskot som skal utgjere 75 prosent av drifta ved private skular. Resten må elevane sjølve betale gjennom skulepengar.

— For vår skule ville det bety kring 50.000 i skulepengar. I den livssituasjon våre elevar er, vil det vere heilt utenkjeleg at dei kan klare å betale 4000 kroner månaden, seier rektor.

Eit forlik mellom regjeringspartia og Frp sikrar at drifta framleis skal vere fullt finansiert av staten.

Ut i yrkeslivet

Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke eig Krokeidsenteret. Skulen er blitt gradvis bygd ut sidan etableringa i 1946. Men drifta av yrkesskulen har vore heilfinansiert av staten. Skulen i Fana har 145 elevar og 16 hjartepasienter frå heile landet, og er den klart største i sitt slag. Totalt er det kring 100 tilsette.

Elevane er menneske som kunne levd på uføretrygd, men som tek til på skulen med eit håp om å komme ut att i arbeidslivet. På Krokeide får dei både behandling og undervisning.

— Vi er ein sosialmedisinsk institusjon som tek utgangspunkt i heile mennesket for å føre det tilbake til arbeidslivet, understrekar Landro.

Skulen kan då også vise til svært gode resultat. Statistikken viser at etter tre år på Krokeide, går 75 prosent av elevane ut i yrkeslivet eller held fram med anna vidaregåande utdanning.

Ikkje økonomisk evne

Krokeide har stort sett berre vaksne elevar. I år er snittalderen 33.

— Våre elevar er personar som av medisinske årsaker eller på grunn av ulukker, er blitt sjukmelde. Flesteparten er etablerte med banklån, små barn og alt det andre som dei fleste andre i samfunnet. Bak seg har dei 52 veker med sjukmelding før dei kjem hit. Det er veldig lite realistisk at desse skal ha økonomisk evne til å betale 4000 kroner i skulepengar kvar månad over tre år. Hadde vi ikkje fått full statleg drift, ville vi i det minste vore nøydde til å byggje skulen sterkt ned, seier Landro.

Skulen i Fana er den einaste i landet som er godkjend som attføringsinstitusjon. Men ni andre tilsvarande skular får også halde fram fullfinansierte av staten. Mellom dei er Blåkors sin skule for attføring av personar med rusvanskar ved Hop på Askøy.

Bak gårsdagens glededag ligg fleire månaders jobbing mot det politiske miljøet på Stortinget. Rektor Landro legg ikkje skjul på at to politikarar frå hordalandsbenken har spelt ei viktig rolle.

— Arne Sortevik og Rannveig Frøiland har vore svært viktige støttespelarar, understrekar Krokeide-rektoren.