Himle Odd

Arve Beheim Karlsen vart, nokre dagar seinare, funnen drukna i Sogndalselva. Samfunnet si handsaming av saka i ettertid har overraska mange, m.a. har det gått to år før dei to «jegerane» frå Naustdal skulle bli stilt for retten for sin innsats den kvelden.

Då rettssaka endeleg var fastlagd til 13. mars, var det inga stor overrasking at ein av forsvarsadvokatane raskt var ute for å få flytta saka frå lokalsamfunnet der den skjedde og naturleg høyrer heime. Advokaten var, truleg, redd for utfallet i saka når det gjaldt klienten sin. Enkelte advokatar er klart langt meir opptekne av og har meir omsut og omsorg for sine «kriminelle kundar» enn for offeret, familie og etterlatte. Det verkar som frikjenning eller mildast mogeleg straff er mykje viktigare enn sanning og ei rettferdig straff. Prøvde denne advokaten i denne alvorlege saka å få flytta saka fordi klienten hans deltok i ei menneskejakt med klare utrop om «drep negeren», og som i dette tilfellet også oppnådde «ønskjet» sitt, ikkje skulle få ei straff som han fortener?

Dersom det er tilfellet er det god grunn til å stilla spørsmål om det er slik vi som bur i dette landet vil at lov og rett skal fungera? Vil vi verkeleg at drapsmenn, valdsmenn og andre lovbrytarar skal bli dømde til så mild straff som mogeleg? Er det ikkje ille nok at det norske soningssystemet bidreg til kriminelle som blir dømt til såkalla lang straff ikkje sonar den straffa dei blir dømde til? Drapsmenn er i mange tilfelle ute att etter å ha sona 2/3 av dommen, og få drapsmenn har sona meir enn tre fjerdepartar av straffa si. Soningssystemet syter på den måten for at kriminelle, etter eit kort fengselsopphald, på ny kan nyta eit heller fritt liv.

Flytting av rettssaka var likevel ikkje einaste utspelet frå denne advokaten, som hadde sterke og ulike synspunkt med domaren i saka. Han klarte også å få saka utsett til 21. mai. Årsaka var, ifølgje media, at advokaten pga. endra tidsrammer, ikkje kunne delta i heile saka og at det ville medføra at klienten hans måtte få ny advokat. Omsyn til etterlatne, offeret sine foreldre, familie og andre pårørande ofra tydelegvis ikkje advokaten den minste tanke, dei var ikkje viktige. Dei hadde truleg sett fram til både å få vita kva som eigentleg hende den tragiske kvelden og til at dei to «jegerane» eventuelt skulle få sin straff.

Etter ei lang og vond ventetid kom skuffelsen og følelsen av urett med ei ny, endå lengre og smerteleg ventetid, men slike menneskelege reaksjonar plaga tydelegvis ikkje den advokaten. Omsynet til den tiltala, ein kriminell og ein mogeleg drapsmann som eventuelt måtte møta med ny advokat, var langt viktigare. Det er all grunn til, på ny, å stilla spørsmålet: Er det slik vi vil at lov og rett skal fungera i landet vårt? Vil vi, i slike alvorlege saker, at omsorg for kriminelle, enten det er valdsmenn eller mogelege drapsmenn, skal prioriterast framfor omtanke for og sorga til etterlatne, foreldre, familie og andre pårørande?

Lensmannen i Sogndal uttalte i eit tv-program om saka at politiet ikkje visste kva som hadde hendt under brua. Saka vart framstilt slik at politiet visste kva som hadde hendt «før brua», over brua, og til dei tre sprang ned under brua mot elva. Dette kunne oppfattast som om politiet med det hadde eit bevisproblem med det korte tidsrommet (sekundar?) under brua – før dei to «jegerane» frå Naustdal kom opp att – utan Arve Beheim Karlsen. Når det gjeld konsekvensen av det som hende under brua, er det ikkje tvil: Arve Beheim Karlsen miste livet!

Er det naturleg å tru at Arve, av fri vilje, ville, eller ønskte, å hoppa ut i den strie og frådande elva? Livsviljen, viljen til å overleva, representerar noko av dei sterkaste kreftene vanleg friske menneske har. Eit ungt og friskt menneske gir ikkje opp livet sitt frivillig under normale forhold. Faktisk er det utruleg kva styrke, mot og kraft eit menneske kan klara å presentera i vanskelege situasjonar når det gjeld å redda sitt eige liv. Kvifor skulle ikkje ein ung mann som Arve, som hadde heile livet framfor seg, ha akkurat same eigenskap? Han hadde, ifølgje media, rett nok opplevd mange vonde hendingar i livet, m.a. hendingar som dei to «jegerane» frå Naustdal er ansvarlege for. Men ingen ting, slik saka er framstilt i media, tyder på at Arve ville, eller ønskte, å ta sitt eige liv.

Dersom Arve ikkje vart kasta på elva av dei to «vellukka ungdomane» som jaga han ned mot elva – kan dei då ha pressa han til berre eit valg – utan alternativ? Det var store sjansar for at resultatet i begge tilfelle ville bli akkurat det same, nemleg at dei to jegerane oppnådde det dei ropte då dei jaga han over brua: «Drep negeren.» Svaret veit berre dei to «vellukka ungdomane» frå Naustdal, men kvart einaste menneske som har følgt saka i media, har lov å tru kva dei vil om årsaka til dette tragiske dødsfallet.

Det må vere god grunn til å stilla spørsmål om kvifor det skal gå to år før ei så alvorleg sak kjem opp i rettsapparatet. Når den no endeleg kjem opp, må det bli eit unisont krav frå heile det norske samfunnet at sanninga kjem fram og at rettsapparatet syter for at dei to «jegerane» får den dom dei fortener. (Dersom det finst rettferdig dom i slike saker!)