— Ein kan ikkje leva på berre natur, seier Kjell-Leif Dingen i den sjarmerande bygda i Gulen.Dette er noko av grunnlaget for Firda Seafood sine ynskje om å etablera smoltanlegg i Dingja.I tett samarbeid med bygdefolket og styresmaktene har selskapet sidan i fjor haust arbeidd med planane.Ifølgje Martin Ramsdal har Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) lova å handsama konsesjonssøknaden denne månaden. Stor velvilje Anlegget, med ei investeringsramme på 35-40 millionar kroner, har møtt uvanleg stor velvilje hjå både grunneigarar, andre fastbuande og styresmaktene. Noko av årsaka ligg truleg i dei mellom fem og ti arbeidsplassane anlegget vil skapa. I tillegg til draumen om at eit sovande eks-industrisamfunn skal vakna til live att. - Har ansvar Saman med Gerhard Dingen og Torleif Mongstad har han sytt for 50 mål til industriområdet. Dei tilbyr òg gratis tomter til tilflyttarane. I fyrste omgang skal tre tomter vera klare, men kjem det fleire, er dei innstilte på å finna løysingar.- Me har ansvar for å leggja til rette for i staden for å stoppa utvikling i Dingja. Skal folk bu her, må det eksistera eit miljø i bygda, seier grunneigar Kjell-Leif Dingen.Åse Lene og Magne Per Vatne driv i dag butikk og hytteutleige i Dingja. Dei har sagt seg viljuge til å leiga ut kafèlokale og butikklokale om tilflyttarar ynskjar å påta seg drifta.

GODT SAMARBEID: Ordførar Trude Brosvik (Krf) og Martin Ramsdal i Firda Seafood har saman med fastbuande samarbeidd godt for å leggja til rette for smoltanlegget.
Foto: Helge Sunde