EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Sjøfartsdirektoratet har brukt nesten eitt og eit halvt år på å gje «Draupner» attende sertifikata. Skipskontrollen sendte båten til kai rett etter «Sleipner»-katastrofen, då det vart klart at redningsflåtane ikkje hadde fungert som dei skulle under ulykka.

Det er gjort ei lang rekkje endringar på fartyet i tida som har gått. Båten har fått dobbel botn med ytterlegare oppdeling av skroget, nytt flåtesystem og nye redningsvestar.

Båten har også vore undersøkt med tanke på moglege manglar i material— eller sveisekvalitet, utan at kontrollørane har funne noko å setje fingeren på.

Det er ikkje aktuelt å setje «Draupner» inn att i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.

— Leiinga vurderer både å selje båten og å leige han ut, seier informasjonssjef Arild Sondre Sekse i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).