Stykket hans er overstrødd med metaforer som ,,vindmølleblomster,, , ``luften synleggjort og anna hyllest til aggregat som “ved sterk vind gires opp og vries slik at bevegelsene er like rolig”. Brochmann sitt tyngste argument for vindkraft lyder slik: “Det å bevege oss i landskapet gjør vi jo heller ikke så ofte, da vi mer og mer går inn i det virtuelle landskap gjennom TV, telefon, data. Landskapet eksisterer bare som et tomt rom.” Hundre meter høge roterande glassfiberblomster meinar han vil rette opp denne tomme opplevelsen og dessutan er dei “ikke noe problem for fuglelivet i luften og vegetasjonen på bakken”.Ja det lyder vakkert og for ein augneblink gløymer vi alle vitenskaplege fakta om estetisk omsynslaus kraftutbygging betalt av auka skattar og straumprisar innkravd av statlege strategar som arbeider for politisk fleirtal for privatisering slik at dei kan dele ansvar — men også inntekta frå våre fornybare ressursar - med dei flinkaste kapitalspekulantane.Overforbruknasjonen Norge har framleis eit svært romantisk forhold til elektrisk kraft sjølv om det er meir enn ti år sidan stortinget vedtok at slik kraft skal vere ei vare på linje med champagne. Romantikken vil snart falme. Sjølv eit fillegebyr på 288 kroner i året får kundane til Fjordkraft til å seie opp. Kva då når kraftkjøparane frå og med neste år skal betale 600 millionar ekstra kvart år fordi Statkraft har fått konsesjon til å setje opp vindmøller utan noen overordna plan? Den dagen Brochmann tilfeldigvis får plassert kraftmasta til ei 132 kilovoltslinje i hagen sin vil diktinga om vindmøller få ein ny glød.Tross alle lettkjøpte argument må Brochmann likevel stille noen spørsmål. “Hva protesteres det egentlig imot? Hva er det som skal vernes?” Dette har eg etter beste evne svara på i ein kronikk i BT 30. juni, der eg mellom anna viser til Stortingsmelding nr 29 (1996-97) der regjeringa legg fram ein plan for å sikre representative og sjeldne nasjonallandskap. Ved å vise korleis slike overordna demokratiske målsetjingar vert neglisjert av sekterisk konsesjonshandsaming hjå NVE påviser eg korleis vindkraftutbygging (i dette tilfellet på Stad) vil gi vindkraft ry som naturfientleg kraftekspansjon sett i verk av staten utan omsyn til staten sine eigne prioriterte naturmiljø.Ingen av dei fakta eg har lagt fram er blitt tilbakevist.Rock er ein populær form for energi som etter kvart har fått ein like naturleg plass på statsbudsjettet som middelaldermusikk. Var Norsk rockeforbund like heldige som det Statkraft er i tillfellet Stad vil det bety at dei dermed automatisk kan forlange å få konsesjon for å bygge om Nidarosdomen til rockeklubb. Brochmann og skremmande mange med han vil gi sin fulle støtte. For som Brochmann så treffande formulerer det; “Skal et landskap vernes fordi vi synes det er fint å se på, som en antikvarisk gjenstand fra en annen tid?Av Ivar OrvedalForfatter