OVE ARNE OLDERKJÆR

Eg proklamerer med dette republikken Vestlandia. Visjonen bør i det minste føra til ei gradvis vestnorsk frigjering frå det oslonorske kongedømmet. Det er på tide å forsera fasen med talemåtar om kor mykje av verdiskapinga i dette landet som skjer langs kysten vår og kor lite me får tilbake av pengane me subsidierer Oslo med. Me må over i handlingsfasen.

Ved hjelp av mediemakta med NRK og Akersgata i spissen, har oslofolk fått oss til å tru at det er i Oslo alt viktig skjer, at det er Oslo Børs som skaffar oss pengane, at resten av landet er eit plagsamt dyrt og kuriøst vedheng.

Separatisten i oss kan eksempelvis vekkjast til live når kongefamilien droppar Festspillene i Bergen og dreg til Belgia og avhendar Solstråleøya på Tysnes til fordel for hyttene i Oslofjorden.

Osloismen tyt oss opp i halsen etter kvart som me blir infotorpedert med svada om oppblåste papirselskap og pengeflyttarar på børsen, om Behn og kongehus og Holmenkoll og Skavlan og Nome og gjensidig ryggpissande kjendisklanar der aust.

Nokre kallar det primitivt, provinsielt Oslo-hat. Eg ser det som ei fastslåing av store motsetnader i kultur og veremåte, og av at me sjølve har vore dumme som har late oss dupera av gnålet frå Karl Johan og traktene der omkring.

Osloismen og osloegoismen trer tydeleg fram no når regjeringa vil gje det såkalla Distrikts-Noreg att litt av det som Oslo har karva til seg opp gjennom historia. Tilsette i dei aktuelle etatane reagerer rett nok forståeleg mot tvangsflytting eller utsikter til jobbskifte lokalt. Men reaksjonane frå lokalpolitikarar og leiarar i direktorat, fagforeiningar og næringsliv i Oslo er skremmande.

Administrasjonsminister Victor Norman treng no all den støtte han kan få for å motstå eit massivt press mot flyttinga. Oslo-lobbyistane har kort veg til regjeringskontor og storting. Mange og rare argument vil bli nytta for å hindra blant anna Bergen i å få Konkurransetilsynet og Haugesund Sjøfartsdirektoratet.

Ifølgje Aftenposten (Oslo) har professor Hans Petter Graver (Oslo) sendt brev til Stortinget (Oslo) med ei kraftig åtvaring mot å flytta Konkurransetilsynet (Oslo). Graver arbeider (i Oslo) med ei ny konkurranselov, og meiner ei flytting til Bergen vil «svekke mulighetene for å avsløre ulovligheter». Det Norske Veritas (Oslo) og Oslo-reiarar åtvarar mot svekka sjøtryggleik dersom Sjøfartsdirektoratet fer til Haugesund. Veritas har samstundes, på oppdrag av eit særs lite flyttevennleg direktorat, laga ein faktarapport som langt på veg diskvalifiserer Haugesund som vertsby. Haugesundarane har prisverdig nok teke til motmæle mot overmakta og blant anna påvist faktafeil i rapporten.

Me vil nok i tida som kjem få fleire gjentakingar frå Oslo av kor lite kompetanse det finst utanfor Oslo. Gode erfaringar med flytting av Polarinstituttet til Tromsø, Lottotilsynet til Førde, Kystdirektoratet til Ålesund og NRK-lisenskontoret til Mo i Rana må me fortelja om sjølve. Det dumme er at ingen i Oslo høyrer oss.