I mars 2001 vart Marit Oppedal og Gro Håvardsholm Elnan skadde i ein dramatisk flystyrt i Tanzania. Denne veka dreg dei tilbake til ulykkesstaden i Afrika for første gong. Men dei reiser ikkje tomhendte. Med god hjelp frå bygdefolk og Eidfjord kommune har dei samla inn over 20 000 kroner til eit sjukehus og ein barneheim.

Krasjlanding i maisåker

I dag arbeider Oppedal og Elnan som sjukepleiarar i Eidfjord. Då flyulykka skjedde i mars 2001, var dei studentar på praksis i Tanzania.

Dei hadde arbeidd ved Haydom sjukehus, og var på veg i småfly til byen Mushi, der dei skulle ha ny praksisperiode på barneheimen Kiwakkuki.

Så langt kom dei aldri. Flyet krasjlanda og sklei sytten meter bortover ein maisåker. Dei fem passasjerane kom seg ut, men vart liggande på bakken og vente på hjelp i timevis. Folk i området kom springande til. For å hjelpe, for å be, for å synge og helle vievatn over dei skadde flypassasjerane.

Som ein film

— Plutseleg var det fullt av afrikanarar rundt oss. Vi vart velsigna av minst fem ulike religionar. Gråtekoner kom også, det var heilt fantastisk. Som å vere med i ein film, fortel Marit Oppedal.

Under styrten fekk ho ryggskader og fem brot berre på den eine sida av andletet. Både ho og Elnan låg på sjukehus i Nairobi i ti dagar, før dei vart frakta heim til Norge og Haukeland sykehus.

I dag har ho nokre arr i andletet til minne om ulykka. Elles er ho frisk og i full jobb.

15. februar reiser Elnan og Oppedal tilbake til Tanzania. Dei to 46-åringane skal besøke Haydom igjen, og dra til barneheimen i Mushi, som dei aldri fekk oppleve forrige gong. Dessutan skal dei oppsøke ulykkesstaden igjen.

— Eg er spent på å sjå om det bildet eg har inni meg stemmer med det som kjem til å møte oss. Eg har ikkje flydd småfly etter ulykka, og veit ikkje korleis eg kjem til å reagere, fortel Oppedal.

Brukte helsesko - Blir det afrikansk seremoni i samband med pengegåva frå Eidfjord?

— Det plar ofte bli det. Folk i Tanzania er svært takksame for hjelp. Men det blir ikkje utan litt vond smak i munnen for oss. Det er tross alt ikkje mykje pengar for nordmenn.

PS: Oppedal og Elnan ønskjer også å ta med seg barneklede i bomull og fint brukte helsesko til Afrika. Som sjukepleiarar kjenner dei verdien av gode sko på travle føter.

TO ÅR SIDAN ULYKKA: Marit Oppedal fotografert i mars, 2001. Ho var stygt skadd etter ein flystyrt i Tanzania. Om to veker reiser ho og Gro Håvardsholm Elnan tilbake til ulykkesstaden. Med seg har dei 20.000 kroner som er blitt samla inn av bygdefolk i Eidfjord.<p/> (ARKIVFOTO: MARIANNE HANSEN.)