PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bt.no

Han var ikkje heilt enkel, nordfjordingen som skulle i fyllearresten ein laurdagskveld i september i fjor.

I retten forklara lensmannsbetjenten at drapstrugsmåla kom nærast ustanseleg, og i alle fall minst hundre gonger.24 dagar fengsel utan vilkår og ti tusen kroner i sakskostnader vart resultatet. Ifølgje lensmannsbetjenten var det ikkje dei stadig gjentekne orda "eg skal drepe deg" som var mest skremmande, men derimot 53-åringens stirrande blikk og vondskapsfulle latter i kombinasjon med trugsmåla.

— At trugsmåla var grundige, kan illustrerast med at tiltalte fleire gonger bad om å få sjå NN (politibetjentens namn) sitt tryne, slik at han visste kven han skulle drepe, skriv Nordfjord heradsrett i sin dom. Til slutt fekk han sjå fjeset til politimannen.

— Dette medførte at tiltalte lo triumferande og sa at no visste han korleis NN såg ut, heiter det i rettsboka.

Det heile starta då mannen var på nachspiel, og verten ringte politiet fordi han nekta å gå.Då hadde mannen allereie kutta seg stygt i eine handa, men ville likevel ikkje til lege.

Då politifolka kom skar det seg heilt, og det enda med ein tiltale for å ha hindra politiet i arbeidet, vald mot politiet, grove trugsmål mot politiet og for å ha skamkalla politifolka som skulle pågripe han.

Under pågripinga prøvde han å setje kneet i skrittet på politibetjenten, men denne vreid seg unna og fekk sparket i låret.

Begge politifolka som pågreip mannen, gjorde det klart i retten at dei aldri tidlegare har opplevd liknande åtferd frå ein arrestant.

Mannen forklarte at han angrar på det han gjorde og sa, og retten meiner det heile framstår som eit eingongstilfelle.