PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Han var ikkje heilt enkel, nordfjordingen som skulle i fyllearresten ein laurdagskveld i september i fjor.

I retten forklara lensmannsbetjenten at drapstrugsmåla kom nærast ustanseleg, og i alle fall minst hundre gongar.

24 dagar fengsel utan vilkår og ti tusen kroner i sakskostnader vart resultatet etter den fuktige kvelden.

Stirrande blikk og latter Ifølgje lensmannsbetjenten var det ikkje dei stadig gjentekne orda «eg skal drepe deg» som var mest skremmande, men derimot 53-åringens stirrande blikk og vondskapsfulle latter i kombinasjon med trugsmåla.

. At trugsmåna var grundige, kan illustrerast med at tiltalte fleire gongar bad om å få sjå NN (politibetjentens namn) sitt tryne, slik at han visste kven han skulle drepe, skriv Nordfjord heradsrett i sin dom.

53-åringen måtte også haldast nede av politifolka då han skulle til legebehandling for eit kutt i handa. Liggande på båra inn i ambulansen klarte han å vri seg slik at han såg politibetjentens ansikt.

— Dette medførte at tiltalte lo triumferande og sa at no visste han korleis NN såg ut, heiter det i rettsboka.

Skjellsord hagla Skjellsorda hagla heile vegen, og tiltalen nemner døme som «politisvin», «kuk», «sadist» og «forbanna sau».

Det heile starta då mannen drog på nachspiel til ei kvinne som etterkvart ville ha han ut av huset, og kontakta politiet.

Då hadde mannen allereie kutta seg stygt i eine handa, men ville likevel ikkje til lege.

Då politifolka kom, skar det seg heilt, og det enda med ein tiltale for å ha hindra politiet i arbeidet, vald mot politiet, grove trugsmål mot politiet og for å ha skamkalla politifolka som skulle pågripe han.

Sjølv forklara mannen i retten at han ikkje hugsar noko frå kontroversane med politiet.

Angrande syndar Han hugsa i retten berre husværet og ei flaske «Jägermeister». Neste minne er at han vakna fastlenka med handjarn til ei sjukehusseng.

Under pågripinga prøvde han å setje kneet i skrittet på politibetjenten, men denne vreid seg unna og fekk sparket i låret.

Retten konkluderer med at dei mest alvorlege trugsmåla kom då han var sett inn i arresten.

I tillegg til dei generelle drapstrugsmåla, truga mannen med «å setje Stårheim-gjengen» på politimannen, i tillegg til at han sa han hadde drept før og at NN såleis ikkje var noko problem.

Begge politifolka som pågreip mannen, gjorde det klart i retten at dei aldri tidlegare har opplevd liknande åtferd frå ein arrestant.

Mannen forklarte at han angrar på det han gjorde og sa, og retten meiner det heile framstår som eit eingongstilfelle.