TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Den 44 år gamle sjåføren fekk sleng på hengaren og kolliderte med eit møtande vogntog. Føraren av det andre vogntoget omkom i ulukka.

Statsadvokaten meiner ulukka skjedde fordi han heldt for stor fart etter forholda, melder NRK Sogn og Fjordane. Vogntoget var heller ikkje utstyrt med dekk som sikra eit godt nok veggrep. Fire av dei åtte dekka på tilhengaren hadde nemleg ei mønsterdjupne på under tre millimeter.

Trailersjåføren er tiltalt for fleire brot på vegtrafikklova. Statsadvokaten meiner sjåføren ikkje var aktsam nok, og braut lova ved ikkje å forvisse seg om at køyretøyet var i ein forsvarleg stand. I tillegg til at fleire av dekka hadde for låg mønsterdjupne, var det også berre fem kjettingar til tilhengaren.

Mannen er også tiltalt for å ha brote fartsgrensa. Analysar av fartsskrivaren viser at sunnmøringen rett før ulukka heldt han ein fart på mellom 80 og 90 kilometer i timen, medan fartsgrensa var på 80 kilometer i timen.

Ulukka skjedde på riksveg 15 like utanfor Stryn sentrum 6. desember 1999. Det var ekstremt glatt, og føraren fekk sleng på tilhengaren. Den skrensa over i det andre køyrefeltet og traff den motgåande traileren med stor fart. Føraren av denne, ein 36 år gamal mann frå Stryn, omkom.