Av Hallgeir Løland Torpe,Nordnes

Blir du med til Göteborg får du møte minst 20.000 andre gode demonstrantar frå heile Europa – og ikkje minst vår tids mest spennade folkerørsle i aksjon, Attac.

Folk bør så absolutt dra til Göteborg for å protestere imot George W. Bush, EU-systemet, marknadsliberalismen og ikkje minst den økonomiske globaliseringa, som gjer dei rike rikare og dei fattige endå fattigare.

Etter Seattle har trenden med at toppane som møtest bak lukka dører i topptunge verdsorganisasjonar – som Verdas Handelsorganisasjon, EU, G8, NATO, OECD, Verdensbanken, IMF og Word Economic Forum – blir møtt med massedemonstrasjonar tatt heilt av.

Denne gongen er det altså EU-toppane sin tur.

I Göteborg blir EU-protestar og kamp for global solidatitet ein ting av samme sak – globalisert motstand.

Attac Norge hadde sitt stiftelsesmøte 31.6. og Attac har dermed etablert seg i 22 land. Brasil har flest medlemmer. Forklaringa på Attac sin suksess i mange land skuldast mellom anna at rørsla er lokallagsbasert, arbeider utetterretta, har stor politisk breidde og evnar å engasjere folk flest. Også dei utan politisk bakgrunn.Mobiliseringa til Göteborg vil heilt sikkert ha avgjerande betydning for Attac til vidare arbeid i dei nordiske landa. Eg trur Attac Norge kan bli ei spennade folkerørsle, særleg fordi ein kan sjå for seg at denne internasjonalt influerte protestrørsla for folk med sunn rettferdssans og godt demokratisk sinnelag også vil ta med seg dei beste tradisjonar frå Organisasjons-Norge sine særeigne motkulturar.

Eg ser fram til at studentaktivistar, fagrørsle, miljørørsle, distriktsopprørarar, folk frå solidaritetsorganisasjonar, ungdomspolitiske organisasjonar, dei fleste politiske parti— og frivillige organisasjonar i fellesskap skal danne ei brei framtidsretta folkerørsle som kan tilføre meir politisk engasjement og framtidshåp blant folk flest.

Semje om alt kan ein jo ikkje forvente, men Attac vil heilt sikkert vere eit ærleg forsøk på å samle alle gode krefter.

Attac motarbeider både lokale negative utslag av den økonomiske globaliseringa og set politisk dagsorden når toppane held kalas bak lukka dører.

Maktkonsentrasjon er vel noko vi alle vil til livs.

Oslosentralismen illusterer godt korleis globalismen kjem til uttrykk her til lands. Gjennom å etablere Attac-lokallag i «grisgrendte strøk» kan ein få vist at dette med å tenke globalt og handle lokalt verkeleg har noko for seg. Dersom Göteborg-aksjonen blir ditt første møte med Attac-rørsla i aksjon kan inspirasjon til å etablere Attac-lokallag påbereknast. Bli med til Göteborg, folkens! Dette er ei sterk oppmoding frå ein 26-åring oppvaksen i Førde i Sunnfjord og som heretter meir enn gjerne trur på Attac-slagordet «ei anna verd er mogeleg».