PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bt.no

Det var i februar i år at Nordfjord-kvinna oppsøkte kommunelegen med magesmerter og feber.

Mannen hennar, som var med under konsultasjonen, reagerte på at undersøkinga var kort og overfladisk. Kvinna vart sendt heim med eit glas pillar. Då mannen kom heim frå arbeid den påfølgjande dagen, fann han kona si død.

Saka er meld til både helsetilsyn og politi. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har no konkludert med at behandlinga kvinna fekk, ikkje var forsvarleg.

– Vi meiner at den uforsvarlege behandlinga bidrog til å setje pasientens liv i fare, seier fylkeslege Petter Øgar, som no sender saka vidare til Helsetilsynet.

– Undersøkinga var for overfladisk, og legen har ikkje fått fram sentrale opplysningar frå kvinna si sjukehistorie, seier Øgar til Bergens Tidende.

Øgar vil ikkje gå ut med konkret kva kvinna døydde av, men seier det var ein ”alvorleg, kroppsleg sjukdom” som legen ikkje oppdaga.

Helsetilsynet skal no vurdere om legen, som har flytta til ein annan kommune på Vestlandet, skal få ei formell åtvaring.

Politiet har hatt saka liggande sidan dødsfallet skjedde, og vil no gå gjennom rapporten frå Fylkeslegen.

– Vi vil vurdere om dette kvalifiserer til ein strafferettsleg reaksjon, både i høve legelova og straffelova, seier politiinspektør Bente Staven ved Fjordane politidistrikt.