TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.noFørdeUlukka som skjedde på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane (SSSF) i vinter, blir no etterforska av politi og granska av fylkeslegen.— Sjukehuset har meldt frå om det som hende, slik dei skal gjere. Slik rutinane tilseier når slike ting skjer på eit sjukehus, blir hendinga no i første omgang etterforska av politiet. Bortsett frå at vi har bedt sjukehuset om ein del tilleggsopplysningar, kjem vi til å vente med vår handsaming til politiet har etterforska saka ferdig, opplyser fylkeslege Petter Øgar. Skulle stille diagnose Etter det Bergens Tidende kjenner til var det under arbeid med å stille diagnose at ulukka skjedde.For å finne ut kva som feila den eldre kvinna, skulle legen ved hjelp av ei spesiell nål ta beinmargsprøve frå brystbeinet. Men sprøyta gjekk gjennom brystet og inn i hjartet. Hjartet stoppa, og pasienten døydde. - Det kan sjå ut som om prosedyren som er følgt, ikkje har vore den heilt vanlege. Derimot ser det ut til at det har vore ein grei grunn til at desse prøvene skulle takast, seier fylkeslege Øgar. Vanleg prøve Den type prøve som skulle utførast ved sjukehuset er heilt vanleg innan dagens medisin. Ved å ta prøver frå beinmargen, kan det bli stilt diagnose for fleire sjukdomar.- Denne saka er så fersk hos oss at det er vanskeleg å seie noko om kor alvorleg vi vurderer det som har skjedd, seier fylkeslegen. Til avhøyr Overfor Bergens Tidende stadfestar Førde-lensmann Kjell Fonn at dei etterforskar den spesielle saka.- Det er ikkje ofte vi har slike saker. På den andre sida er det noko vi må rekne med, all den stund vi har eit sjukehus i kommunen, seier Fonn.Førde-lensmannen vil ikkje kommentere realitetane i saka. Til Bergens Tidende seier Fonn at helsepersonell som var med under inngrepet vil bli kalla inn til avhøyr.

Les også: 128 unaturlige dødsfall i 1999 Kvinne satte vaffel i halsen