Av Bjarne Dåe

Søndag 11. mai fekk me m.a. høyre om bondeopprøraren Kristian Lofthus som døydde på Akershus festning på slutten av 1700-talet og om opprøret i Hjartdal som enda med at fem bønder vart halshogne, medan den sjette vart dømt til å vere bøddel. I eit bilete fekk me sjå den bøygde ryggen på karen som skulle svinge sverdet over dei fem sambygdingane sine som låg bundne til stokken, og i fem små glimt kunne me høyre susinga frå sverdet som vart svinga over halsane deira.

Opprørarane i Hjartdal og Kristian Lofthus har sidan gjeve nøring og nerk til fridomstankar som førde fram til 1814, 1884 og 1905. Styringsmakta sine grep har derimot aldri kasta glans over soga vår.

Det same kan ein nok òg seie om styresmaktene i vår tid. Dei driv eit spel og ei fjernkuing av folket som me knapt før har sett maken til. Ei rekkje kommunar er no under såkalla «statleg kontroll» der kommunestyringa er pålagd å stramme inn i so sterk grad at lovpålagde oppgåver vert redusert så mykje at drifta vert ulovleg. Jfr. vantande pengar til vikarlærar, delingstimar og spesialpedagogisk opplegg som ein del elevar har krav på. Barnehagar og omsorgssentra for eldre vert drivne med så få tilsette at dei er dømde til helseplager og langtidssjukefråver. Og sjukehus vert truga med nedlegging av sentralt oppnemnde styre. Ja, desse kommunestyra og sjukehusstyra har eigentleg fått same dom som den sjette hjartdalsbonden. Og dei har mi medkjensle.

No har regjeringa spelt ut eit nytt kort, og let vel om kor bra det skal bli med færre øyremerka tilskot som skal gje støre økonomisk fridom til kommunane. I BT for 15.5. skriv kommunalministeren om dette som om det skulle vere noko spildrande nytt som vert prøvd. Det er ikkje måte på kva for ein reformasjon dette er i « tre hovudgrep» som det vert sagt, « for å øke kommunesektorens handlingsrom». Kommunane skal få

  1. fleire oppgåver;
  1. auke dei frie inntektene i kommunane ved «en historisk reduksjon i øremerkede tilskudd» og
  1. auke handlingsrommet gjennom «å fortsette arbeidet med å forenkle og redusere regelverket og rapporteringskravene». Til det siste høyrer med eit nytt omgrep: «Innbyggerkontroll», som visstnok skal kome i staden for statleg kontroll. Me skal altså sjå til at ordføraren eller ein annan av våre lokale «bødlar» gjer arbeidet sitt skikkeleg, svingar sverdet sterkt nok. Me skal verte interaktive «angivarar» og «øyrekviskrarar», og det skal verte eit triveleg samfunn å bu i.

Ein kan undrast: Kor historielaus kan ein verte? Er innføringa av rammetilskotet alt gløymt? Veit ikkje dei styrande no at rammetilskotet (i staden for øyremerka tilskot) kom som resultat av rasjonaliseringskomiteen frå 1970-åra, som ikkje fekk gehør for tankane sine om rasjonalisering i kommunesektoren før dei på 80-talet tok til å kalle det nærdem o krati ?

Kva har hendt sidan rammetilskotet vart innførd i siste halvdel av 80-åra? Jau, jamt og sikkert har taumane vorte stramma, år for år. Og då det tyktest gå for seint, kom Rattsø til hjelp. Farten auka då monaleg, og tydelegare og tydelegare har skjelettet kome til syne. Og kontrollrutinane har vorte sterkare og meir detaljerte år for år. Men Erna Solberg skriv som om det skulle ha gått andre vegen; jfr. sitatet ovafor: «... fortsette arbeidet...». Jau, det er til å gle seg over.

Kva tid skal du oppdage, kommunalminister, at mange kommunar er økonomisk sveltefôra? At det hjelper lite å fôre på ulike måtar, om fôrmengda ikkje vert auka? At for oss, som har det etter måten godt i våre personlege hushald, er det uskjønleg at me ikkje skal ha betre råd til dei gjeremåla me har organisert i fellesskap og bygt opp i langt trongare tider?